Bustipend - bur borte

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du kan ha rett til bustipend på 4 359 kroner i månaden dersom du må bu borte frå foreldra dine.

Bur du for deg sjølv, kan du ha rett på bustipend på 4 359 kroner i månaden. Bustipendet er ikkje behovsprøvd etter foreldreøkonomi og kjem i tillegg til eventuelle andre lån og stipend du kan ha rett på.

For lærlinger blir behovsprøvd mot eiga inntekt for lærlingar.

Vilkår for rett til bustipend

  1. Du må vere bortebuar
    Du kan ikkje bu saman med foreldra dine
  2. Meir enn fire mil mellom foreldreheim og skole
    Dersom avstanden mellom foreldreheimen og skolen er fire mil eller meir kvar veg, vil du ha rett til bustipend. For lærlingar med ungdomsrett er det avstanden mellom foreldreheimen og arbeidsstaden som avgjer.
  3. Reisetida er tre timar tur-retur eller meir
    Dersom avstanden er mindre enn fire mil mellom foreldreheimen og skolen, men reisetida mellom foreldreheimen og skolen er minst tre timar tur-retur kvar dag, har du rett til bustipend. Lærestaden må stadfeste at du fyller krav til bustipend på grunn av reisetid.
  4. Særlege forhold
    Dersom du ikkje oppfyller krava til reisetid eller avstand, kan du ha rett til bustipend dersom det er særlege forhold av personleg eller sosial karakter, som gjer at du ikkje kan bu heime.

Søkje om bustipend

Det er ein felles søknad for stipend og lån, når du søkjer om stipend vil vi også sjekke om du har rett til grunnstipend.

Bu borte på grunn av lang reisetid

Dersom reisetida mellom foreldreheimen og skolen er meir enn tre timar tur-retur har du rett til bustipend. Lærestaden ditt kan stadfeste at du oppfyller kravet til bustipend på grunn av reisetid. Dersom lærestaden ikkje kan stadfeste reisetida, må du sjølv dokumentere dette ved å sende inn:

  • Stadfesta timeplan frå skolen for søknadsperioden som viser når undervisninga startar og sluttar kvar dag. Undervisning på ettermiddags- eller kveldstid må vere obligatorisk og ein del av den læreplanen som er fastsette av Utdanningsdirektoratet.
  • Forklaring av reiserute og reisetid mellom foreldreheimen og lærestaden. Legg ved rutetabellar og strek under aktuelle avgangs- og innkomsttider. Før opp lengda på eventuelle strekningar du må gå.

Bu borte på grunn av særlege forhold i heimen

Dersom særlege forhold av personleg eller sosial karakter, for eksempel alvorlege konfliktar i heimen, gjer at du vil bli hindra i å gjennomføre utdanninga, kan du få bustipend sjølv om du ikkje kan få det på grunn av reisetid eller avstand. Det same gjeld dersom foreldra dine er skilt og du ikkje kan bu hos nokon av dei. Konfliktar og usemje som blir sett på som vanleg mellom søsken eller mellom barn og foreldre, blir ikkje omfatta av særlige forhold.

Du må sende inn ei stadfesting frå ein eller fleire av dei følgjande på dei sosiale forholda heime:

  • PP-tjeneste
  • sosialkontor
  • familierådgivingskontor
  • psykolog
  • helsesøster

  • Stadfesting frå skolen kan godtas dersom det går fram at vedkomande har særleg kjennskap til situasjonen.

    Flytting i løpet av skoleåret

    Flytter du frå eller til foreldra dine i løpet av skoleåret, må du sende ein ny søknad hvor du oppgjer å vere bortebuar. Det er ikkje tilstrekkeleg at du legg inn den nye adressa på Dine sider.

    Skilte foreldre / foreldre som ikkje bur saman

    Lånekassen vurderer til vanleg retten til bustipend i forhold til den av foreldra dine du til vanleg bor hos. Dersom det er opplysningar som tilseier at du kan bu hos den andre av foreldra dine, blir retten til bustipend vurdert også i forhold til denne.

    Bu borte somme dagar i veka

    Må du bu borte berre somme dagar i veka og du elles fyller vilkåra for bustipend, kan du få fullt bustipend dersom du dokumenterer at du må leige hybel og betaler husleige for heile veka/månaden.

    Bu borte på grunn av sjukdom eller nedsatt funksjonsevne

    Dersom du må bu borte på grunn av sjukdom eller nedsatt funksjonsevne, kan du få bustipend. Du må da sende inn ei legeerklæring til oss.

    Bu borte på grunn av foreldra si utdanning

    Dersom du og ein av foreldra dine bor saman mens dykk begge er i utdanning og de av den grunn mellombels bur borte frå den ordinære bustaden, kan du få bustipend.

    Du må sende inn stadfesting frå foreldra dine, og stadfesting på at den av foreldra dine du bur saman med er i utdanning til oss.

    Bustipend når du ventar barn

    Ventar du barn, og har flytta saman med far eller mor til barnet, kan du få bustipend. Du må da sende oss flyttedatoen og stadfesting på svangerskapet.

    Bustipend fordi foreldra har flytta vekk

    Du kan få bustipend dersom du bur i det tidlegare foreldreheimen etter at foreldra dine har flytta. Du må sende inn stadfesting frå foreldrane dine og kopi av ein bustadsattest til oss.