Barnevern og fosterheim

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Bur du i fosterheim eller i barnevernsinstitusjon, får du ikkje grunnstipend eller bostipend. Men du får utstyrsstipend sjølv om du er forsørgd av barnevernet og bor i fosterheim eller barnevernsinstitusjon.

Bor du ikkje i fosterheim eller i ein barnevernsinstitusjon, og ytingane du får frå barnevernet er mindre enn Lånekassens satsar, kan du ha rett til støtte frå oss.

Støtte til skolepengar

Du kan ha rett til lån til skolepengar, dersom barnevernet ikkje dekkjer skolepengane. Les om lån til skolepengar her. Retten til å få lån til skolepengar gjeld også dersom du bor i ein fosterheim eller i ein barnevernsinstitusjon.

Du må sende inn dokumentasjon

Dersom du ikkje bor i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, må du dokumentere dette frå barnevernet. Du må også sende inn dokumentasjon på storleiken på ytingane frå barnevernet.

Høgare og anna utdanning

Du kan få støtte til høgare og anna utdanning sjølv om du bor i fosterheim eller barnevernsinstitusjon. Du får då støtte som heimeboar. Les meir om heimeboar her.