Skal du søkje for barnet ditt?

Sist oppdatert: 03.04.2019
Dersom du hjelper barnet ditt med å søkje, har vi nokre tips for å gjere prosessen enklast mogleg.

Her finn du tips til korleis du kan hjelpe barn under 18 år med å søkje om stipend frå Lånekassen.

Slik hjelper du barnet med å søke om stipend

1. Logg inn med ID-en til barnet når du skal søkje

Loggar du inn med din eigen ID, blir ikkje søknaden registrert på eleven som skal ha støtta.

Innlogginga går via den felles offentlege innloggingsløysinga «ID-porten». Har ikkje barnet MinID eller BankID? Les om korleis du kan opprette den.

2. Følg søknaden på barnet sin konto på Dine sider

Når søknaden er send inn, finn du eventuell dialog om søknaden, og informasjon om behandlingstid på barnet sin konto på Dine sider. Innlogginga til Dine sider er den same som til søknaden.

3. Både foreldre og barnet får svar på søknaden

Svaret på søknaden om stipend blir sendt til barnet sin konto på Dine sider. I tillegg får foreldra tilsendt vedtaksbrevet i posten eller til den digitale postkassen sin. Les om korleis du kan opprette digital postkasse på Noreg.no, for å motta post frå det offentlege.

4. Ein forelder signerer avtalen om støtte - følg lenka i svarbrevet

Når barnet får innvilga stipend frå Lånekassen, må ein forelder skrive under på ein avtale om støtte. Det kan du gjere digitalt ved å følge lenka til foreldresignering du finn i vedtaksbrevet. Du signerer med BankID.

5. Pengane blir utbetalte til barnet sin konto

Lånekassen betaler ut støtta direkte til barnet. Derfor må eleven eige sin eigen bankkonto.

Foreldre til barn under 18 år har likevel rett til å be om at pengane blir overførde til kontoen deira.

6. Eleven får ei større utbetaling i starten av kvart semester

Elevar som får grunnstipend, bustipend eller andre ytingar som blir utbetalte månadleg, får ein større del av støtta utbetalt i august og januar. Derfor vil summen på dei andre utbetalingane vere lågare enn dei månadlege satsane du finn i regelverket vårt. Heile utstyrsstipendet blir utbetalt ved skolestart. Du finn ei oversikt over dei månadlege utbetalingane på Dine sider, eller i vedtaksbrevet.

Søkje for elevar over 18 år

Foreldra skal ikkje signere avtalen om støtte for barn over 18 år. Dei signerer sjølv på Dine sider, med sin eigen BankID. Når kunden er over 18 år, kan vi heller ikkje utbetale støtta til ein konto som ikkje er kunden sin eigen.

Merk også at foreldre ikkje har rett til innsyn i kundeforholdet til barn over 18 år. For at Lånekassen kan gi informasjon om kundeforholdet, må du ha ei fullmakt frå eleven. Les meir om fullmakt.