Søknad om stipend og lån til videregåande skole i utlandet

Dette søker du om

I søknaden søker du om utstyrsstipend, bortebuarstipend, reisetilskot, skolepengelån og eventuelt lån for deg over 18 år og stipend og lån til språkkurs.

Du kan også velje å søke om inntektsavhengig stipend om familien din har svak økonomi. Du får spørsmål om du vil søke om det i søknaden.

Det er eigen søknad for å søke om stipend til skolepengar.

Dokumentasjon

Dersom du er busett i utlandet av særlege årsaker må du sende inn dokumentasjon som bekreftar dette. Behovet for å bu i utlandet på grunn av sjukdom må bli bekrefta av lege. Du må også dokumentere at du har opptak i fulltidsutdanning og kva for årstrinn du skal ta.

Skal du ta yrkesfagleg opplæring må du legge ved dokumentasjon som viser at du har opptak i fulltidsutdanning, kor lenge utdanninga varer og kva for nivå du har fått opptak i.

Skal du gå United World College eller fransk lycé treng du ikkje sende inn dokumentasjon for å bekrefte opptak. Vi får stadfesting gjennom Diku eller Institut français de Norvège.

Skal du betale skolepengar, må du fylle ut eigen søknad om stipend til dekning av skolepengar, og legge ved stadfesting på skolepengar frå den utanlandske skolen din.

Du kan laste opp dokumentasjonen når du fyller ut søknaden. Har du ikkje alt klart når du skal søke, kan du ettersende noko

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du og informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Årets søknad
2021-2022

No kan søke om stipend og eventuelt lån for studieåret 2020-21.

Søknadsfrist er 15. november for haustsemesteret, og 15. mars for vårsemesteret.