Vidaregåande skole i utlandet

Gjeld ikkje utvekslingselevar eller dei som tar vidaregåande skole i Norden.

Videregåande utanfor Norden

Bur du saman med foreldra dine får du berre utstyrsstipend, Dei fleste som ikkje bur saman med foreldra sine får
  • utstyrsstipend mellom 1 096 og 4 513 kroner
  • bortebuarstipend på 47 090 kroner
  • reisestipend mellom 915 og 4 978 kroner

Utveksling på vidaregåande

Som hovudregel kan du ikkje få stipend og lån til vidaregåande utanfor Norden, men det finst unntak.

Busett i utlandet av særlege årsaker

Dersom du bur i utlandet på grunn av eigen sjukdom, eller sjukdom hos ein av foreldra dine eller ektefellen din, kan du søke om stipend og lån.

Behovet for å bu i utlandet på grunn av sjukdom må stadfestast av lege.

Dersom familien din er busett i utlandet i ein tidsavgrensa periode, kan du også søke om stipend og lån. Du må i så fall sende inn dokumentasjon som viser kvifor foreldra dine er busett i utlandet, og at opphaldet er tidsavgrensa. 

Du må ha ungdomsrett for å ha rett til stipend og lån etter desse reglane.

Franske lycé

Du kan få stipend og lån om du skal gå på fransk lycé og har fått opptak gjennom Institut français de Norvège eller Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku).

United World College

Du kan søke om stipend og lån om du har fått opptak gjennom Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) til eit United World College.

Yrkesfagleg opplæring som ikkje finst i Noreg eller som blir rekna som verneverdig tradisjonshandverk

Du kan få stipend og lån om du skal ta yrkesutdanning på nivå med vidaregåande opplæring i utlandet, og utdanninga di ikkje blir tilbode i Noreg, eller om utdanninga blir rekna som eit verneverdig tradisjonshandverk i Noreg. Kva for fag det gjeld står på ei liste over verneverdige tradisjonsfag publisert av utdanningsdirektoratet.

Om fagutdanninga i utlandet er på nivå med norsk fagskole kan du få lån og stipend på linje med dei som tar fagskole i Noreg. Det gjeld også dersom du er over 24 år, eller av andre årsaker ikkje har ungdomsrett.

Gå til søknaden

Bortebuarstipend

Du kan få
4 709
kroner i månaden

Når du går på vidaregåande i utlandet kan du få bortebuarstipend om du ikkje bur saman med foreldra dine.

Det er ikkje eigen søknad om dette, men du må krysse av for at du skal bu borte frå foreldra dine i den vanlege søknaden om stipend.

Tilskot til reise

Lån og stipend til
2 heimreiser
for eit heilt studieår

Når du bur utan foreldra dine i utlandet utanom Norden kan du få reisetilskot.

Er du i utlandet heile studieåret, er 17,5 prosent av reisetilskotet stipend, medan 82,5% er lån. Er du i utlandet i eitt semester, er 35 prosent stipend og 65 prosent lån. Alle får stipenddelen, og du kan i tillegg velje å søke om lånedelen. Lånet må du betale tilbake seinare.

Det er ikkje eigen søknad om reisetilskot, det er ein del av den vanlege søknaden.

Satsar for ulike verdsdelar

Beløpa er meint som eit tilskot til to tur-returreiser i året:

Verdsdel Stipend, kroner Lån, kroner
Europa 915 4 313
Nord- og Mellom-Amerika 3 412 16 088
Oseania 4 978 23 470
Sør-Amerika 4 369 20 595
Asia 3 140 14 804
Afrika 3 759 17 721

Reiser i Noreg

Må du i tillegg reise i Noreg for å komme deg til Oslo lufthavn Gardermoen, får du tilskot til to tur-returreiser i Noreg for kvar kilometer du må reise:

  • 0-300 kilometer - 1,90 kroner per kilometer
  • 301-1500 kilometer – 1,05 kroner per kilometer
  • 1500 kilometer eller meir – 0,38 kroner per kilometer

Heile summen er stipend, men vi trekk frå ein eigendel på 1 237 kroner. For å berekne kor mykje du får i stipend til reise i Norge, kan du rekne ut tilskot utfra antall kilometer og multiplisere dette med fire (to tur-returreiser), og deretter trekje fra eigenandelen på 1 237 kroner. 

Er du over 18 år og vil ta opp lån?

Du kan låne inntil
3 399 kroner
per månad dersom du bur borte

Dersom du er over 18 år og ikkje bur saman med foreldra dine, kan du låne inntil 3 399 kroner i månaden.

Lånet blir ikkje behovsprøvd mot inntekt. Det betyr at du kan få lånet uavhengig av kor mykje du eller foreldra dine tener.

Lånet må betalast tilbake

Dette er eit lån som du må betale tilbake. Når du ikkje lenger får stipend og lån frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet, og du må betale tilbake. Du må betale heile lånet pluss renter, men du betaler ned i månadlege avdrag.

Slik søker du

Det er ikkje ein eigen søknad om lån. Når du søker om vanleg stipend og kryssar av for at du bur borte, får du spørsmål om du vil søke om lån også.

Inntil
98 841
i stipend til skolepenger

Skolepengar

Skal du gå på ein skole der du må betale skolepengar, kan du få meir i stipend og lån

Stipend til skolepengar

Du kan få stipend til å betale delar av skolepengane. Stipendet er på inntil 85 prosent av skolepengane, men det er øvre grense på 98 841 kroner per år.

Du får berre stipendet til reine skolepengar, men ikkje for eksempel programavgift til utvekslingsorganisasjonen. Skolen må stadfeste at du betaler skolepengar.

Det er eigen søknad for stipend til delvis dekning av skolepengar.

Lån til skolepengar

Dersom du skal betale skolepengar kan du og låne inntil 28 433 i året til å dekke desse. Du kan ikkje få meir i stipend og lån til skolepengar enn det du faktisk skal betale. Dette søker du om i den vanlege søknaden.

Gå til søknad for stipend til skolepengar (P-skjema)
Utstyrsstipend

Tar du heile videregåande i utlandet får du den laveste satsen for utstyrsstipend som er 1 096 kroner. Hvis du tar deler av videregåande i utlandet får du same sats som for den utdanninga du følgjer i Noreg.

Har familien din særleg svak økonomi?

Har foreldra dine svært låg inntekt, kan du ha rett til meir stipend.

Tener foreldra dine meir enn 724 998 kroner samla, får du ikkje inntektsavhengig stipend uansett familiesituasjon. Dersom du har færre enn tre søsken, eller dersom ein av foreldra din har ny sambuar eller ektefelle, er grensa lågare.

Språkkurs

Dersom undervisningsspråket er eit anna enn engelsk kan du ha rett til stipend  eller for å gå på språkkurs.

To elever i sofa

Vidaregåande skole i utlandet

Det er ikkje sikkert at vidaregåande skole i andre land gir generell studiekompetanse i Noreg.

Sjølv om du fullfører vidaregåande skole i utlandet, er det sjansar for at utdanninga ikkje kan gi generell studiekompetanse i Noreg aleine. For å få opptak til høgare utdanning gjennom Samordna Opptak, og for å få lån og stipend til høgare utdanning utanfor Norden frå Lånekassen, er det eit vilkår at du har oppnådd generell studiekompetanse før utdanninga startar.

Ulike land har ulike krav

Dersom du har gått på High School i USA, er det andre krav til den vidaregåande opplæringa enn om du har tatt A-level i England. Det er derfor viktig at du set deg inn i kva for krav som gjeld den vidaregåande opplæringa du ønsker å ta. Du finn oversikt over dei ulike krava hos Samordna Opptak.

For å oppnå generell studiekompetanse i Noreg og kunne få opptak til høgare utdanning i Noreg, må du oppfylle krav om kunnskapar i både norsk og engelsk. Lånekassen kan sjå bort frå kravet til norskkunnskapar i samband med vurdering av generell studiekompetanse når du skal studere i utlandet utanfor Norden. Du kan likevel bli nødd til å dokumentere norskkunnskapar når vi vurderer tilknytninga di til Noreg.

Aktuelt regelverk