Søknad om stipend og lån for utveksling på VG2

Dette søker du om

I søknaden søker du om utstyrsstipend, bortebuarstipend, reisetilskot, skolepengelån og eventuelt lån for deg over 18 år og stipend og lån til språkkurs.

Du kan også velje å søke om inntektsavhengig stipend om familien din har svak økonomi. Du får spørsmål om du vil søke om det i søknaden.

Det er eigen søknad for å søke om stipend til skolepengar.

Dokumentasjon

Dersom du reiser via ein utvekslingsorganisasjon, må du sende inn stadfesting frå den norske skolen din om at året i utlandet vil kunne erstatte VG2. Du må også sende inn dokumentasjon frå organisasjonen du skal reise med.

Reiser du via skolen treng du ikkje stadfesting på dette. Unntaket er dersom opphaldet er på mindre enn eitt skoleår. Då må du sende inn stadfesting frå den norske skolen med namn på skolen i utlandet og start- og sluttdato for opphaldet.

Skal du betale skolepengar, må du fylle ut søknad om stipend til dekning av skolepengar og legge ved stadfesting på skolepengar frå den utanlandske skolen din.

Du kan laste opp dokumentasjonen når du fyller ut søknaden. Har du ikkje alt klart når du skal søke, kan du ettersende noko.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du og informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Årets søknad
2021-2022

No kan søke om stipend og eventuelt lån for studieåret 2020-21.

Søknadsfrist er 15. november for haustsemesteret, og 15. mars for vårsemesteret.