Støtte til enkeltemner (uspesifiserte studiepoeng)

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Når du ikkje har opptak i ei gradsutdanning, eller skal ta delstudiar i utlandet frå ein norsk lærestad, kan du få støtte til å ta enkeltemne.

For å motta støtte til enkeltemne i utlandet må du ta fag som tilsvarer minst 30 studiepoeng per semester.

Krav til utdanninga

  • Omfanget må tilsvare minst 30 studiepoeng i Noreg per semester.
  • Alle faga må vere henta frå fagplanen til ein godkjent grad som blir tilboden ved same lærestad.
  • Alle faga må minimum vere på nivå med utdanning på bachelornivå i Noreg.

Støtte til enkeltemne i USA og ikkje-vestlege land

Vi gir ikkje støtte til enkeltemne som ligg på eit nivå som ikkje tilsvarer utdanning på bachelornivå i Noreg. Første året av ein bachelor-utdanning i USA og ikkje-vestlege land tilsvarer ikkje bachelornivå i Noreg. Søkjer du om støtte til enkeltemne i desse landa må du derfor dokumentere at du skal ta fag på nivå med minimum andre året av ein bachelorgrad i desse landa.

Krav til dokumentasjon

Saman med søknaden om støtte til enkeltemne, må du leggje ved eit endeleg opptaksbrev frå lærestaden som viser kva fag du skal ta. Antall credits/ECTS per fag, og kva nivå faga er på, må komme fram av opptaksbrevet. I land der kvart enkelt studieprogram må godkjennast (for eksempel Frankrike og Spania), må det også framkomme kva gradsutdanning faga du skal ta er henta frå. Du må også sende inn dokumentasjon på kor mykje du skal betale i skolepengar, og at du har oppnådd generell studiekompetanse i Noreg.