Helsefag og autorisasjon

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 10.01.2018
At du får støtte frå Lånekassen betyr ikkje nødvendigvis at du får autorisasjon til å jobbe som helsepersonell etter fullført utdanning.

Lånekassen kan gi støtte til høgare utdanning i land utanfor Norden om utdanninga kan danne grunnlag for generell godkjenning av NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, som likestilt med norsk høgare utdanning.

Vi gir berre stipend og lån til helsefagleg utdanning i utlandet som er innanfor eit fagområde som krev autorisasjon i Noreg. Akupunktur krev for eksempel ikkje autorisasjon, og derfor får du heller ikkje støtte til ei slik utdanning.

Helsefagleg utdanning i utlandet og autorisasjon

For å kunne jobbe som helsepersonell med ein regulert yrkestittel i Noreg må du ha autorisasjon frå Helsedirektoratet. Autorisasjon søkjer du om når du er ferdig med utdanninga. Det er ikkje nokon samanheng mellom å få støtte frå Lånekassen og autorisasjon. Det er derfor veldig viktig at du set deg godt inn i reglane for autorisasjon, før du bestemmer deg for kva og kvar du vil studere.

Sjå film fra Helsedirektoratet om autorisasjon:


Autorisasjon av helsefaglege utdanningar innan EU/EØS

Innanfor EU/EØS har landa blitt einige om å harmonisere fem helsefaglege utdanningar. Det betyr at landa er einige om kva desse utdanningane skal innehalde, og dermed gjere det enklare å få autorisasjon i andre EU/EØS-land.

Dei harmoniserte helseprofesjonane er:

  • Lege
  • Tannlege
  • Sjukepleiar
  • Jordmor
  • Farmasøyt/Provisorfarmasøyt

Gjennomfører du ei av desse utdanningane, og utdanninga gir rett til autorisasjon i studielandet, kan du vere rimeleg sikker på at du vil få autorisasjon i Noreg. Tek du ei anna utdanning enn dei fem harmoniserte, vurderer Helsedirektoratet utdanninga di opp mot ei tilsvarande utdanning i Noreg. Helsedirektoratet vurderer då om nivå, innhald, omfang og eventuell grad av integrert praksis i den utanlandske utdanninga er jamgod med tilsvarande utdanning i Noreg. Les meir om dette på Helsedirektoratets nettsider.

Autorisasjon av helsefaglege utdanningar utanfor EU/EØS

Det er vanskelegare å få autorisasjon dersom du tek ei utdanning utanfor EU/EØS. Helsedirektoratet samanliknar då den utanlandske utdanninga opp mot tilsvarande utdanninga i Noreg med omsyn til nivå, innhald og omfang, og går blant anna gjennom:

  • detaljerte fagplanar
  • læringsmål
  • ECTS/Credits eller tal timar for kvart fag
  • opplysningar om klinisk praksis og ei rekke andre opplysningar

I tillegg må du ta kurs i korleis det norske helsesystemet fungerer. Nokre yrke må også ta ein praktisk fagprøve og kurs i handtering av medisinar.

For å kunne vurdere om du får autorisasjon treng Helsedirektoratet detaljert dokumentasjon om utdanninga di. Derfor er det viktig at du sørgjer for å ta vare på dokumentasjon undervegs i utdanninga. Du finn meir informasjon om dette på Helsedirektoratets nettsider.