Utdanning utanfor Norden

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 13.06.2018
Du kan få støtte til fulltidsutdanning utanfor Norden på høgskole- og universitetsnivå. Unntaksvis kan du få støtte til vidaregåande opplæring.

Vilkår for å få støtte

  • Du må ha opptak ved ein godkjend lærestad
  • Utdanninga må vere på fulltid
  • Du må vere på lærestaden og følgje undervisninga. Utdanninga kan ikkje vere lagd opp som nettstudium eller samlingsbaserte studium. Unntak for reine nettstudium i EØS-land.
  • Utdanninga må vere på nivå med ein norsk bachelor-, master-, eller ph.d.-grad. Ver merksam på at ei utanlandsk utdanning på høgare nivå ikkje alltid kan gi generell godkjenning frå NOKUT

Les meir om krav til utdanningane og utdanningsopplegget i forskrifta om utdanningsstøtte, kapitla 33 og 35.

Utdanninga må tilsvare ein norsk grad

Høgare utdanning frå land utanfor Norden må kunne gi utteljing i studiepoeng i Noreg av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det er NOKUT som forvaltar dei generelle reglane for godkjenning av utanlandsk utdanning i Noreg. Vi sjekkar med NOKUT om utdanninga du har valt er godkjend. Du treng derfor ikkje å kontakte NOKUT.

Sjølv om Lånekassen kan gi støtte til alle fire år av ein bachelorgrad i for eksempel USA, gir det første året av graden likevel ikkje generell godkjenning av NOKUT eller utteljing i studiepoeng i Noreg.

NOKUT kan gi godkjenning av ei utanlandsk utdanning som likestilt med ein akkreditert norsk mastergrad dersom den er ein fullført mastergrad eller annan høgare grad, og den i tillegg oppfyller følgjande kriterium:

1. Det totale utdanningsløpet som skal godkjennast skal normalt ha eit omfang på 300 studiepoeng/5 års normert studietid, anten samansett eller som integrert løp.

2. Det må inngå eit sjølvstendig arbeid i graden.

3. Den aktuelle graden må gi inngang til doktorgradsprogram/ph.d.-studium i utdanningslandet.

For eksempel vil ein 12 månaders mastergrad frå Storbritannia godkjennast som 75 norske studiepoeng på mastergradsnivå, men ikkje blir likestilt med ein heil norsk mastergrad fordi den ikkje oppfyller alle kriteria nemnde over.

Helsefagleg utdanning

Du kan få stipend og lån til helsefagleg utdanning i utlandet som er innanfor eit fagområde som krev autorisasjon i Noreg, jf. lov om helsepersonell mv. § 48. Lånekassen gir ikkje støtte til medisinutdanning utanfor Europa, USA, Canada og Australia.

For å kunne jobbe som helsepersonell i Noreg må ein ha autorisasjon. Det er helsedirektoratet som har ansvaret for autorisasjon. Vi tilrår alle som planlegg ei helsefagleg utdanning i utlandet, å setje seg inn i kva som skal til for å få autorisasjon. Sjølv om ei utdanning gir rett til støtte frå Lånekassen, gir det ikkje automatisk autorisasjon frå helsedirektoratet.

Desse utdanningane kan du ikkje få støtte til:

  • forkurs før fagutdanning
  • nettstudium, fjernundervisning eller samlingsbasert studium. Unntak for reine nettstudium i EØS-land.
  • flygarutdanning (du kan likevel få støtte til offentleg godkjend trafikkflygarutdanning i Norden)