Utdanning i Norden

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Lånekassen gir støtte til vidaregåande opplæring, folkehøgskole, yrkesutdanning og høgare utdanning i Norden. Støtte blir gitt etter dei same reglane som gjeld for utdanning i Noreg.

Generelle krav for å få støtte til utdanning i Norden:

  • Du må vere teken opp i utdanninga
  • Utdanninga må vare minimum eitt semester (fire månader)
  • Utdanninga må vere offentleg godkjent i studielandet
  • Utdanninga må gi rett til støtte i landet si eiga "lånekasse"
  • Du må vere på lærestaden og følgje undervisninga
  • Utdanninga må vere på fulltid
  • Utdanninga kan ikkje vere lagd opp som nettstudium eller samlingsbaserte studium*

*Vi kan gi skolepengestøtte til reine nettstudier i Norden.

Lånekassen har ein database over lærestader og utdanningar som er vurdert for stipend og lån. Finn du ikkje utdanninga di i databasen, kan du be oss om ei førehandsvurdering for å få vite om den gir rett til utdanningsstøtte. Du kan også kontakte lærestaden du skal begynne på, eller dei andre nordiske «lånekassene» for meir informasjon.

Vidaregåande opplæring

Lånekassen kan gi støtte til heile eller deler av vidaregåande opplæring i Norden.

Folkehøgskole

Lånekassen kan gi støtte til folkehøgskolar i Norden.

Yrkesutdanning

Lånekassen kan gi støtte til yrkesutdanning, som for eksempel erhvervsutdanning i Danmark, yrkesutdanning (YH) og kommunal vaksenopplæring (komvux) i Sverige.

Høgare utdanning

Lånekassen kan gi støtte til universitets- og høgskoleutdanning i Norden.

Dei nordiske "lånekassene"

Land Lenke til nettsider
Sverige CSN (Centrala studiestödsnämnden)
Danmark SU, (Statens Uddannelsesstøtte)
Island LÍN (Lánasjóður islenskra námsmanna)
Finland FPA (Kela)
Grønland SUNNGU
Åland AMS (Ålands arbetsmarknads- och studieservicemyndighet)
Færøyene STUDULSSTOVNURIN