Sommarkurs i utlandet

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 05.09.2018
Du kan få støtte i inntil to månader til utdanning i utlandet om sommaren.

Som student på sommarkurs kan du få det same beløpet du får per månad i det vanlege undervisningsåret. Du kan få slik støtte i inntil to månader.

Krav for å få støtte

Du kan ha rett til støtte om sommaren, dersom det er fastsett i utdanningsprogrammet ditt at undervisninga eller praksisen må skje i sommarterminen. Du kan også få støtte dersom du kan dokumentere at du sparer inn på normert studietid. Undervisningsopplegget du søkjer om støtte til, må vare i minst fire veker, og du må vere registrerte som fulltidsstudent.

Korleis søkje

Du må sende eit brev til Lånekassen for å søkje om støtte. Søknaden om stipend og lån til sommarkurs må vere kome inn til Lånekassen innan 15. august 2019. Dersom sommarkurset blir avslutta før 15. august 2019, er søknadsfristen innan sommarkurset er avslutta.

Legg ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser

  • frå-dato og til-dato for det ordinære skoleåret (det samla undervisningsåret må vere lengre enn ti månader og to veker)
  • frå-dato og til-dato for sommarkursa/praksisen
  • at kursa/faga/praksisen inngår som ein del av graden din (du får ikkje støtte dersom det ikkje inngår i graden)
  • faga du tar i det ordinære undervisningsåret, og faga du skal ta i sommersemesteret. Antall credits per fag må komme fram av bekreftelsen
  • at du er registrert som fulltidsstudent også i sommersemesteret
  • eventuelle skolepengar om sommaren
  • betalte skolepengar for det ordinære undervisningsåret
  • eventuelt kor du skal gjennomføre praksisen

Spesielle forhold

Skal du ta delstudium i utlandet om sommaren, må du dokumentere at studiet er førehandsgodkjent av den norske lærestaden din. Kor mange studiepoeng du får godkjent, må gå fram. Delstudiet må vare i minst fire veker.

Tek du sommarkurs i USA, må du dokumentere kor mange credits du skal ta.

Studerer du vanlegvis i utlandet og skal ha praksis i Noreg, må du gi Lånekassen opplysningar om du skal bu saman med foreldra dine i praksisperioden.

Dersom du betaler skolepengar, kan Lånekassen vurdere om du kan få støtte til det. Du kan ikkje få slik støtte dersom du allereie har fått maksimalt beløp for skolepengar til det ordinære undervisningsåret.

Kor mykje pengar kan eg få til utvida skoleår/sommarkurs?

Vi kan først vurdere kor mykje pengar du kan få, etter at du har sendt inn søknaden om støtte til utvida skoleår.

Dersom du får støtte til utvida skoleår, kan du få basisstøtte for maksimalt to månader. I tillegg kan vi vurdere om du har rett til ekstra støtte til skolepengar, dersom du ikkje allereie har fått maksimal skolepengestøtte for dette undervisningsåret. Det maksimale skolepengebeløpet aukar nemleg ikkje, sjølv om du har undervisning om sommaren.

Kan eg få støtte til å ta kurs eller praksis om sommaren?

Vi kan gi støtte til praksis/undervisning om sommaren, dersom denne undervisninga eller praksisen inngår som ein del av den graden du tek i utlandet, eller fører til at du sparer inn på normert studietid.

Vilkåra for å få støtte er at:

  • undervisninga/praksisen held fram utover den perioden du allereie har fått støtte for
  • undervisninga/praksisen varer i minst to veker
  • undervisninga/praksisen tilsvarer fulltid  

Dersom du oppfyller vilkåra, kan du få basisstøtte for maksimalt to månader. Du kan også få støtte til eventuelle skolepengar, dersom du ikkje allereie har fått maksimal skolepengestøtte for dette undervisningsåret.

Mitt studium varer i 12 månader. Treng eg å søkje?

Nei. Då har du allereie fått støtte for tolv månader. Dersom du er usikker, kan du først sjekke vedtaksbrevet du fekk då du fekk støtte, før du sender søknad om utvida skolestøtte/sommarstøtte.