Signere avtalen om støtte

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 14.03.2018
Svar på søknaden og avtalen om støtte blir send til postkassa på Dine sider. Der kan du enkelt signere avtalen med BankID, BankID på mobil eller med Buypass.

Når du skal signere får du eit val om du vil signere elektronisk eller på papir. Dersom du ikkje kan signere avtalen om støtte elektronisk, kan du bestille den på papir. Du kan anten få den tilsendt til din folkeregistrerte adresse (du kan ikkje endre adresse), eller printe den ut. Dersom du signerer på papir, må du returnere den per post. Du kan altså ikkje laste den opp på Dine sider, og det vil ta lenger tid å få pengane enn om du signerer elektronisk.

Gå til Dine sider

Har du problem med å signere avtalen?

Dersom du får feilmelding når du skal signere avtalen om støtte, bør du sjekke at du har aktivert BankID og at nettlesaren er oppdatert til nyaste versjon. Enkelte nettlesarar støttar ikkje Java like godt, og det kan derfor vere lurt å prøve andre nettlesarar dersom du får ei feilmelding.

Har du aktivert BankID?

Sjølv om du har ei kodebrikke å logge inn i banken din med, er det ikkje sikkert at du har BankID. BankID er ei tilleggsteneste til nettbankinnlogginga di. Det er derfor mogeleg at den fungerer i nettbanken, men at du likevel ikkje har aktivert BankID. Du kan teste din BankID her.

Under 18 år?

Dersom du er under 18 år, skal foreldra dine signere avtalen om støtte. Det kan du lese meir om her.

Vilkår som må vere oppfylte før du får pengane

Mange vil få avtalen om støtte før undervisninga har starta, og før vi veit om dei har opptak på lærestaden og rett til å gå opp til eksamen det aktuelle semesteret. Du vil ikkje få pengane før vi har kontrollert at du har opptak og eksamensrett. I tillegg sjekkar vi med skatteetaten at du eig kontoen din.

Les meir om vilkåra for utbetaling.