Slik får du pengane

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 14.03.2018
Utbetaling av støtte til utdanning i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gong i byrjinga av kvart semester.

Avtalen om støtte kjem på Dine sider

Avtalen om støtte blir send til postkassen din på Dine sider. Du kan enkelt signere avtalen om støtte med BankID, BankID på mobil eller Buypass i utlandet, direkte frå Dine sider. Hugs å ta med BankID når du reiser.

Dersom du ikkje kan signere elektronisk, kan du velje å signere på papir inne på Dine sider. Du kan velje mellom å få avtalen send til den folkeregistrerte adressa di i Noreg (du kan ikkje endre adresse), eller å skrive den ut. Vel du å signere avtalen på papir, må du returnere den til oss i posten. Du kan altså ikkje laste den opp på Dine sider.

Er du under 18 år, må også foreldra dine skrive under på avtala om støtte. Elever ved folkehøgskolar i Danmark får send avtalen om støtte til adressa i Noreg.

Når vi får den signerte avtalen i retur, set vi pengane inn på kontoen din. Vi tek til med å sende ut avtale om støtte for våren i byrjinga av desember.

Du må sjølv skrive under

Du må sjølv skrive under på den originale avtale om støtte (underskrift etter fullmakt blir ikkje godteke) og sende det i retur til Lånekassen, før pengane kan bli overførte til den norske kontoen din.

Kontonummer for utbetaling

Vi kan berre setje inn pengar på ein konto du eig. På den måten kontrollerer vi at det er rett person som får pengane. Avtalen vil innehalde eitt eller fleire kontonummer som skatteetaten har oppgitt at du eig. Du kan endre kva konto du vil ha pengane overført til på Dine sider eller i avtalen om støtte.

Når får eg pengane på konto?

For dei fleste studentane som skal studere i utlandet, blir pengane overførte tidlegast i byrjinga av juli.

Unntaket er dei som skal studere i Australia, New Zealand og Sør-Afrika. Dei får pengane overført tidlegast i byrjinga av juni.

Støtte til skolepengar kan bli valutajustert.

Det tek elles ca. tre yrkedagar frå vi mottek den signerte avtalen om støtte, til vi overfører pengane til kontoen din.

Dersom du sender avtalen tilbake med post, må vi ta visse atterhald, då vi ikkje kan kontrollere at postgangen går som den skal. Vi tilrår derfor at du vel å bruke e-signering for å unngå eventuelle forseinkingar som skuldast postgangen.

Ofte stilte spørsmål om avtale om støtte

Kan de overføre pengane til den utanlandske kontoen min?

Nei. Alle som får støtte frå Lånekassen, må ha eigen konto i ein norsk bank.

Dersom pengane skal bli overførte til ein utanlandsk bankkonto, må du sjølv ordne overføringa mellom den norske kontoen din og den utanlandske kontoen.

Du kan endre kontonummeret på Dine sider.

Er det råd å få støtta for heile året utbetalt om hausten?

Nei. Støtta frå Lånekassen blir delt i to like store utbetalingar, ei for haustsemesteret og ei for vårsemesteret. Dette er alle lærestadene klar over. Utbetaling av støtte for vårsemesteret skjer tidlegast i desember.

Eg har mista avtalen om støtte. Korleis får eg ein ny?

Dersom du har mista eller ikkje fått avtalen om støtte, kan du bestille ein ny på Dine sider. Du kan signere elektronisk også dersom du har bestilt ein papiravtale tidlegare.

Eg har flytta til ei ny adresse. Blir avtalen om støtte sendt dit?

Avtalen om støtte blir sendt til den adressa som er registrert sist på Dine sider. Du må sjølv endre postadressa di. Dette gjer du via Dine sider.

Eg trur avtalen har komme bort i posten. Bør eg bestille ny?

Postgangen kan ta litt lengre tid visse tider på året, og i somme land kan det ta tid før posten kjem fram. På Dine sider kan du sjå om vi har motteke avtalen om støtte. Dersom du mistenkjer at avtalen har komme bort i posten, kan du bestille ny avtale om støtte frå Dine sider, eller signere elektronisk. Vi vil overføre pengane på grunnlag av den avtalen som først når oss.

Eg har allereie reist til utlandet. Korleis får eg avtalen om støtte?

Avtalen om støtte blir sendt til den adressa du sist var registrert på. Dersom du har reist og ikkje har høve til å få den tilsendt dit du er, kan du endre postadressa og bestille ein ny avtale om støtte via Dine sider, eller du kan signere elektronisk.