Førebels erklæring om retten til støtte

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 17.01.2018
Skal du søkje opptak til høgare utdanning i utlandet? I nokre tilfelle treng du ei førebels erklæring om retten til støtte frå Lånekassen. I USA og Canada er det nødvendig å ha ei slik erklæring når du søkjer visum.

Førebels erklæring om retten til støtte er ei generell berekning av kva du kan få i støtte frå Lånekassen til den planlagde utdanninga dersom alle andre forhold er i orden. Vilkåret er at utdanninga er godkjent og at krava som blir stilt for å få støtte til utdanning i utlandet er oppfylt.

Når du søker om opptak til lærestader i andre land enn USA og Canada, er det som regel nok å oppgi at du søker støtte i Lånekassen. Lærestadane vil normalt godta ein økonomisk garanti frå ein bank eller frå foreldra dine.

Førebels erklæring om retten til støtte

Last ned førebels erklæring om retten til støtte her.

Husk at du må sende ein søknad når du har bestemt deg for lærestad, uavhengig om du har sendt inn førebels erklæring om retten til støtte eller ikkje.

Forhold som kan gjere at du ikkje vil få støtte