Dokumentasjon

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.07.2018
Skal du søkje om stipend og lån til utdanning i utlandet for første gong, må du sende inn dokumentasjon. For raskare behandlingstid, bør du sende det inn saman med søknaden.

Det er lurt å ha dokumentasjonen klar før du søkjer om støtte. Vi kan nemleg ikkje behandle søknaden din før du har sendt inn det du blir bedt om i søknaden.

Kva skal du sende inn?

Når du søkjer om støtte til utdanning i utlandet for første gong, må du sende inn:

  • Vitnemål frå vidaregåande skole eller anna stadfesting som viser at du har oppnått generell studiekompetanse i Noreg (berre dersom du skal studere utanfor Norden).
  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår frå lærestaden (unconditional offer).
  • Stadfesting som viser kor mykje du skal betale i skolepengar (tuition fee).

Generell studiekompetanse

Du må ha generell studiekompetanse i Noreg for å få støtte til utdanning i utlandet. Du kan lese om ulike måtar å oppnå generell studiekompetanse på hos Samordna opptak.

Endeleg opptaksbrev

Nokre lærestader krev at du oppfyller visse faglege vilkår før du får eit endeleg opptak. Har du opptak utan atterhald, har lærestaden gitt deg skoleplassen og krev ikkje meir dokumentasjon frå deg. Det er derfor viktig å lese opptaksbrevet du får frå lærestaden nøye.

Har du fått eit opptaksbrev med faglege vilkår, må du vente med å søkje til du har fått tilsendt eit nytt og endeleg opptaksbrev frå lærestaden, fordi vi ikkje godtek eit slikt atterhald.

Opptaksbrevet må vise:

  • namnet ditt
  • kva grad du skal ta, for eksempel bachelorgrad
  • at du studerer på fulltid
  • fagretning
  • lengd på studiet med forventa avslutning

Skolepengar

Støtte til skolepengar frå Lånekassen skal berre dekke faktiske skolepengar. Det vil seie avgifter som er direkte knytte til undervisninga. Det er derfor viktig at stadfestinga du sender inn på kor mykje du skal betale i skolepengar, ikkje inneheld andre avgifter. Eksempel på slike avgifter kan vere kost og losji.

Dersom du får stipend frå lærestaden eller andre aktørar, som skal gå til å dekke skolepengar, må du også dokumentere det. Lånekassen dekker berre det beløpet du sjølv betaler. Vi godtek ikkje utskrift frå nettsider eller e-post.

Slik sender du inn dokumentasjon

  • Direkte i søknaden. Det enklaste er at du sender inn dokumentasjonen samtidig som du søkjer. Då kan vi raskare begynne å behandle søknaden din. Du får melding i søknaden om kva du skal laste opp.
  • På Dine sider etter at du har søkt. Du finn igjen informasjonen om kva du skal laste opp under "Dine søknader".
  • I posten etter at du har søkt. Ta ein kopi av all dokumentasjonen, og send den til oss. Merk papira med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt.

Du treng ikkje «rett kopi»-stemplar eller annan type stadfesting på kopiane du sender oss.