Behandlingstid

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
På Dine sider kan du se om søknaden din er behandlet.

På Dine sider kan du se kor mykje støtte du har fått, og kor lenge du må vente på svar. Vi rår deg til å bruke Dine sider. Du får ikkje kortare behandlingstid ved å kontakte ein saksbehandlar.

Viss betalingsfristen nærmar seg, kontakt lærestaden din

Du kan skrive ut ei førebels erklæring om rett til støtte, viss lærestaden ønskjer ei skriftleg fråsegn frå Lånekassen.

Førebels erklæring er ikkje ein garanti for at du vil få støtte frå Lånekassen. Det er ei orientering om kor mykje du kan få dersom utdanninga er godkjent og du sjølv oppfyller vilkåra for støtte. Beløpet er rekna ut frå generelle regler og satsar. Erklæringa blir oftast brukt i samband med søknad om studieplass eller visum. Sidan dette ikkje er ein garanti for at du får støtte, vil det være opp til lærestaden din om dei vil akseptere erklæringa som grunnlag for sein betaling.

Kor lang er behandlingstida no?

Behandlingstid på søknader

Dei fleste søknader om utdanningsstøtte blir behandla automatisk og du får svar i løpet av ein vyrkedag. Nokre søknader må sjåast på av ein saksbehandlar og blir lagde i ein behandlingskø. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.

Behandlingstid når vi treng meir dokumentasjon frå deg

Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon tek vi behandlinga av søknaden din opp igjen, og du vil få svar etter cirka ei veke.

Behandlingstid når du har sendt oss dokumentasjon vi ikkje har etterspurt

Har du sendt inn dokumentasjon vi ikkje har etterspurt, er behandlingstiden fra 12 til 15 veker. Eksempel på slik dokumentasjon kan vere nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om utdanningsstøtte, søknad om foreldrestipend eller søknad om ekstrastipend. I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg. Vi beklager at behandlingstida er lang no. Vi gjer alt vi kan for at du skal få svar så fort som mogeleg.

Behandlingstid på klagar

Venta behandlingstid på klagar er for tida 8 veker. Dersom du har ein klage som skal vurderast i klagenemda, finn du møtedatoar og informasjon her.

Svartid på e-post

For tida svarer vi på e-post du har sendt oss innan 5 dagar.