Språkstipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Er du teken opp til ei utdanning i utlandet som har eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du få 20 988 kroner i stipend til eit førebuande språkkurs.

Krav til språkkurset

  • Språkkurset må vare i minst fire veker med minimum 15 timar undervisning per veke.
  • Du må til vanleg ta kurset i det landet du skal studere, som må vere eit ikkje-engelskspråkleg land utanfor Noreg*.
  • Du er teken opp til er hovudutdanning som gir rett til støtte frå Lånekassen.

* Stipendet kan også gjeast til utdanning i Finland og på Island. Vi kan godta at deler av utdanningsprogrammet ditt blir undervist på engelsk.

Språkstipend for delstudiar

Du kan også få språkstipend når du bare skal ta ein del av utdanninga du er i gang med i Noreg, i utlandet. 

Slik søkjer du

Du søkjer om språkstipendet samstundes som du søkjer om vanleg støtte. Legg ved stadfesting på opptak til språkkurset. Start- og sluttdato for språkkurset og talet på undervisningstimar per veke må gå tydeleg fram av stadfestinga. Du må også legge ved ei stadfesting på at undervisningsspråket i hovudutdanninga er eit anna enn engelsk.

Stipend til språkkurs frå andre

Vær merksam på at stipend frå andre enn Lånekassen til språkkurs fører til reduksjon i språkstipendet. Samme reglar gjeld for språkstipend for delstudenter, som for gradsstudenter.

Desse får ikkje språkstipend

Du kan normalt ikkje få støtte til språkkurs til same språk meir enn ein gong. Du får ikkje språkstipend dersom du mottek støtte til språkleg tilrettelegging