Opptrapping til 11 månader med studiestøtte

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 27.04.2017
Stortinget har vedteke ein plan om å gradvis trappe opp til 11 månaders studiestøtte. Opptrappinga skal skje over fire år frå 2017 til 2020. Den første utbetalinga kjem i juni 2017.

Det er berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning eller fagskoleutdanning som får studiestøtte i 11 månader. Du må ha vore i utdanning heile vårsemesteret.

Dette får du

Stortinget har vedteke at du får studiestøtte i

  • 10 månader + 1 veke for undervisningsåret 2016–2017
  • 10 månader + 2 veker for undervisningsåret 2017–2018

Den siste veka for 2017-2018 får du under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2018. Vidare opptrapping for 2019 og 2020 vil ikkje bli avgjort før i desember 2018 og desember 2019.  

Illustrasjonsbilde, opptrapping til 11 måneders studiestøtte

Første utbetaling kjem i juni 2017

Den første veka med ekstra studiestøtte blir for dei aller fleste utbetalt i juni 2017. Avsluttar du utdanninga din ein annan månad enn juni, kan utbetalinga skje på andre tidspunkt gjennom året.

Utbetalinga utgjer ein fjerdedel

Utbetalinga utgjer ein fjerdedel av støtta du får per månad, og vil vere på rundt 2 600 kroner. Under "Utbetaling av stipend og lån" på Dine sider ser du kva du har fått i støtte.

Du treng ikkje signere på ein ny avtale om støtte for å få den ekstra utbetalinga i juni, den kjem automatisk.

Disse får ikkje ein ekstra månad med studiestøtte

  • Studentar i deltidsutdanning
  • Studentar som berre tek utdanning i haustsemesteret
  • Elever på folkehøgskole
  • Elever i vidaregåande opplæring
  • Elever og studentar som allereie får støtte om sommaren etter andre ordningar