Nedsett funksjonsevne

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 11.05.2018
Kan du ikkje jobbe ved sida av utdanninga fordi du har nedsett funksjonsevne, kan du få meir støtte og støtte for ein lengre periode.

Ordningane gjeld for deg som tek høgare og anna utdanning, og som har nedsett funksjonsevne. 

Dette kan du få

Individuelle utgifter blir ikkje støtta

Støtte blir gitt etter forskriftsfastsette satsar, utan individuelle vurderingar av utgifter. Individuelle utgifter, som for eksempel utgifter til assistenthjelp, blir ikkje dekt gjennom utdanningsstøtteordninga, verken ved utdanning i Noreg eller i utlandet. Individuelle utgifter av denne typen blir vurderte etter folketrygdloven. For nærmare informasjon om dekning av individuelle utgifter kan du ta kontakt med NAV.

Behovsprøving

Merk at støtte om sommaren og ekstra stipend i undervisningsåret blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue når fastsettinga av formues- og inntektsskatt (likninga) for det året du har fått støtte, er klar. Du kan ikkje få stipend til forseinking utover eitt år samtidig som du får trygd som er meint å dekkje livsopphald. 

når likninga for det året du har fått støtte, er klar. Du kan ikkje få stipend til forseinking utover eitt år samtidig som du får trygd som er meint å dekkje livsopphald.

Slik søkjer du

Same kva ordning du søkjer om, må du først søkje om støtte frå Lånekassen på vanleg måte på lanekassen.no. Du får ikkje spørsmål om du har nedsett funksjonsevne i søknaden. Vil du søkje om ekstra stipend, støtte for sommaren og/eller stipend til forseinking utover eitt år, må du gjere det slik:

Ordning

Trinn 1

Trinn 2

Trinn 3

Ekstra stipend

Fyll ut skjemaet "Ekstra stipend for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (X-skjema). Du finn søknadsskjemaet her.

Få legen din eller ein annan spesialist/fagperson med særleg kjennskap til din nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

 

  • har nedsett funksjonsevne 
  • ikkje kan jobbe ved sida av utdanninga på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn 
X-skjemaet til: Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Støtte for sommaren

Fyll ut skjemaet "Stipend og lån for sommaren for søkjarar med nedsett funksjonsevne" (Y-skjema). Du finn søknadsskjemaet her

Få legen din eller ein annan spesialist/fagperson med særleg kjennskap til din nedsette funksjonsevne til å stadfeste på skjemaet at du

 

  • har nedsett funksjonsevne
  • ikke kan ha sommarjobb på grunn av nedsett funksjonsevne

Send inn 
Y-skjemaet til: Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Forseinking utover eitt år

Du må skrive eit brev til Lånekassen der du forklarer kvifor du søkjer om stipend til forseinking utover eitt år.

 

Merk brevet med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt.

Legg ved

 

  • dokumentasjon frå lærestaden som viser at du er forseinka fordi læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa den nedsette funksjonsevna di.
  • dokumentasjon frå Nav som viser at du ikkje får støtte frå Nav til livsopphald.

Send inn brevet og dokumentasjonen til: Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Søknadsfrister

  • Du må søkje om støtte seinast 15. november for hausten og 15. mars for våren.
  • Søknad om ekstra stipend i undervisningsåret må vere kome inn til Lånekassen seinast 15. november for hausten og 15. mars for vårena.
  • Søknad om stipend og lån for sommaren må vere kome inn til Lånekassen seinast 14. august den sommaren du søkjer støtte for.