Eksempel på kor mykje du kan få

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
På denne sida kan du sjå eksempel på kor mykje du kan få i støtte til utdanning i utlandet utanfor Norden.

Du kan også bruke støttekalkulatoren for å finne ut kor mykje du kan få i støtte.

Støtteordningar

Tabellen inneheld maksimale beløp, for eksempel vil kor mykje skolepengestøtte du kan få vere avhengig av kor mykje du faktisk skal betale.

Type støtte Maksimalt beløp,
heile undervisningsåret

Basisstøtte
116 548 kr Pengar å bu og leve for. Blir utbetalt som lån, men 40 prosent kan bli omgjort til stipend.
Vanleg skolepengestøtte
131 386 kr Stipend og lån til dekking av skolepengar.
Tilleggslån til dekking av skolepengar
101 800 kr Lån. Kan ikkje gjerast om til stipend.
Tilleggsstipend til dekking av
skolepengar ved utvalde universitet

71 041 kr Blir utbetalt som stipend.
Sum  420 775 kr
Reisestøtte

Reisestøtte blir utbetalt som 35 prosent stipend og 65 prosent lån.
Europa 4 928 kr
Reisestøtte Afrika 20 240 kr

Reisestøtte Asia 16 908 kr

Reisestøtte Nord- og Mellom-Amerika 18 372 kr

Reisestøtte Sør-Amerika 23 524 kr

Reisestøtte Oseania 26 804 kr

Språkstipend
21 366 kr Blir utbetalt som stipend

Om tala

  • Alle tala i tabellane er makssum oppgitt i norske kroner, og gjeld eit vanleg undervisningsår.
  • Stipenddelen av basisstøtten blir ikkje bestemt før vi har fått likningstall frå skatteetaten året etter at du mottok stønaden.
  • Stipenddelen er avhengig av at du har bestått eksamen, at du har inntekt og formue under dei fastsette grensene, og at du ikkje bur saman med foreldra dine under utdanninga.
  • Skolepengestøtten blir utbetalt delvis som stipend og delvis som lån. Skolepengelånet blir ikkje omgjort til stipend ved bestått utdanning
  • Forsørgjarstipend til deg som har barn er ikkje teke med i oversikta.