Tilleggslån til dekking av skolepengar

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Du kan få eit tilleggslån til dekking av skolepengar på inntil 101 800 kroner dersom du går på eit universitet med høge skolepengar.

Betaler du meir i skolepengar enn den ordinære skolepengestøtta, som er på 131 386 kroner, kan du få eit ekstra lån på inntil 101 800 kroner til dekking av skolepengane du skal betale. Tilleggslånet er eit reint lån, som ikkje kan gjerast om til stipend.

Du søkjer automatisk om tilleggslån

Du søkjer automatisk om tilleggslånet til dekking av skolepengar dersom du vel "stipend og maksimalt lån" i den ordinære søknaden. Dersom du ikkje ønskjer tilleggslånet, må du velje "stipend og avgrensa lån" og fylle inn beløpet du ønskjer å låne. Det ser slik ut i søknaden:

Skjermbilde av søknad om tilleggslån

Har du rett til tiltilleggsstipend også?

Studentar som går på utvalde utdanningar av høy kvalitet, og som betaler høge skolepengar, kan også få tilleggsstipend til dekking av skolepengar. Tilleggsstipendet blir gitt før tilleggslånet, det vil seie at dersom du går på ei utdanning som gir rett til tilleggsstipend blir skolepengestøtta gitt i følgjande rekkjefølgje: 1. Ordinær skolepengestøtte, 2. Tilleggsstipend, 3. Tilleggslån