Skolepengar - utanfor Norden

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Du kan få inntil 315 589 kroner i stipend og lån per undervisningsår til å dekke skolepengar. Kor mykje du får i skolepengestøtte, kjem an på kor mykje du skal betale til lærestaden din.

Slik blir lån og stipend til skolepengar fordelt:

Støttetype Maksimalt beløp for eit heilt år
Vanleg skolepengestøtte 136 294 kr Blir utbetalt som både stipend og lån
Utvida stipend til dekning av skolepengar ved utvalde lærestader 73 694 kr Blir utbetalt som stipend
Utvida lån til dekning av skolepengar 105 601 kr Blir utbetalt som reint lån
Sum 315 589 kr

Du får berre støtte til skolepengar du faktisk betalar

Det er beløpet du skal betale til lærestaden din i skolepengar som avgjer kor mykje du får i skolepengestøtte frå oss. Støtte til skolepengar skal gå til å dekkje skolepengar og/eller andre obligatoriske avgifter som har samanheng med undervisninga. Andre utgifter, for eksempel til bøker eller opphald, får du ikkje skolepengestøtte til, sjølv om du må betale dette direkte til skolen.

Vi gir stipend og lån til skolepengar i denne rekkefølga:

  1. Vanleg skolepengestøtte.
  2. Utvida stipend dersom du har rett til det. Det er berre studentar ved utvalde lærestader av høg kvalitet og som betalar meir i skolepengar enn den vanlege skolepengestøtta, som kan få utvida stipend.
  3. Utvida lån dersom du studerer ved ein lærestad med høge skolepengar. Du kan få utvida lån sjølv om du ikkje har rett til utvida stipend.

Eksempel: Skolepengar på 200 000 kroner, utan utvida stipend

  • Vanleg skolepengestøtte: 136 294 kr
  • Tilleggslån: 63 706 kr

Eksempel: Skolepengar på 250 000 kroner, med utvida stipend

  • Vanleg skolepengestøtte: 136 294 kr
  • Tilleggsstipend: 73 694 kr
  • Tilleggslån: 40 012 kr

Skolepengestøtta blir valutajustert

Når vi utbetaler skolepengestøtte, blir både lån og stipend valutajusterte dersom den norske krona har styrkt eller svekka seg med meir enn eitt prosentpoeng på utbetalingstidspunktet, samanlikna med valutakursen som Lånekassen har fastsett for studieåret.

Slik søker du om støtte til skolepengar

Det er ikkje ein eigen søknad om støtte til skolepengar, men første gongen du søker om stipend og lån til utdanninga i utlandet, må du legge ved dokumentasjon som viser kor mykje du skal betale. Les meir om dokumentasjonskrava.