Basisstøtte

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Du kan få opp til 116 369 kroner i basisstøtte. Basisstøtta er lik for alle som tek høgare utdanning.

Ikon for støttekalkulator Regn ut kor mykje du kan få i stipend og lån

Støttebeløp Kan bli gjort om til stipend
Basisstøtte for eit undervisningsår
116 369 kroner 46 548 kroner
Basisstøtte for haustsemesteret
(fem månader)
54 125 kroner 21 650 kroner
Basisstøtte for vårsemesteret
(fem månader og tre veker)*
62 244 kroner 24 898 kroner

*Opptrapping til 11 månader med studiestøtte

Stortinget har vedteke ein plan for å trappe opp utdanningsstøtta gradvis frå 10 til 11 månader. Det skal skje over fire år, frå 2017 til 2020. For våren 2019 blir støtta trappa opp med 3 veker. Den eine av dei 3 vekene blir gitt under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2019.

Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret.

Omgjering av lån til stipend

Opptil 40 prosent av basisstøtta kan bli gjort om til stipend. Du må sjølv sende inn vitnemål som viser at du har bestått utdanninga di for at vi skal gjere om ein del av lånet ditt til stipend.

Gå til søknaden