Omgjering av lån til stipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 23.11.2017
Støtta du får frå Lånekassen, blir utbetalt som lån. Delar av lånet blir gjort om til stipend etter at du har bestått eksamen, eller når du har bestått heile utdanninga.

Studentar i Norden og i land utanfor Norden

Når du har avslutta utdanninga i utlandet, må du sjølv sende inn kopi av vitnemål eller endeleg karaktersutskrift, slik at vi kan gjere om lån til stipend. Omgjeringa skjer når skatteetaten sender informasjon om formue- og inntektsskatten di til oss i november, året etter at du fekk støtte. Derfor må du vente ei stund før du veit kor mykje som blir gjort om til stipend.

Spesielt for deg som studerer utanfor Norden

Du må i tillegg dokumentere betalte skolepengar for siste skoleår dersom du ikkje tidlegare har sendt inn C-skjema med desse opplysningane.

Slik sender du inn vitnemålet ditt

Du kan anten laste opp vitnemålet ditt på Dine sider, eller sende oss ein kopi av det i posten.

For å laste opp vitnemålet på Dine sider, går du til status søknader og vel det siste undervisningsåret du søkte om støtte for. Her finn du ei lenke for å laste opp vedlegg. Klikk på den, og last opp vitnemålet ditt. Er det lenge sidan du avslutta utdanninga, kan det vere at du ikkje finn lenka på Dine sider. Då må du sende vitnemålet i posten.

Skal du sende vitnemålet ditt i posten, tek du ein kopi av heile vitnemålet ditt og sender det til oss. Du må merke sjølve vitnemålet med fødselsnummeret eller kundenummeret ditt. Du treng ikkje «rett kopi»-stemplel eller anna på kopien du sender oss.

For deg som har tatt delstudiar i utlandet

Har du vore på studieopphald i utlandet som ein del av høgare utdanning i Norge (delstudiar), er det den norske lærestaden din som skal godkjenne utdanninga og rapportere inn eksamensresultat til Lånekassen.

Du må sjølv levere originalvitnemål til den norske lærestaden, slik at dei kan overføre eksamensresultata til Lånekassen når dei er godkjent. Du skal derfor ikkje sende karakterutskrift eller vitnemål direkte til oss.

Lyst til å vite mer? Les meir om omgjering av lån til stipend.