Studere i utlandet for fyrste gong? Sjå kva du må dokumentere.

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 09.05.2016
Når du søkjer om støtte til utdanning i utlandet, må du sende inn opptaksbrev og dokumentasjon på kva du må betale i skolepengar.

Når du søkjer om støtte til utdanning i utlandet for fyrste gong, må du sende inn:

  • Vitnemål frå vidaregåande skule eller anna stadfesting som viser at du har oppnått generell studiekompetanse i Noreg.
  • Endeleg opptaksbrev utan faglege vilkår (unconditional offer) frå lærestaden.
  • Stadfesting som viser kor mykje du skal betale i skolepengar.

Riktig dokumentasjon gir kortare behandlingstid

For at vi skal kunne behandle søknaden din så raskt som mogeleg, er det viktig at du sender oss korrekt informasjon når du søkjer. Må vi etterspørje dokumentasjon kan det ta lang tid å behandle søknaden din.

 Du kan laste opp dokumentasjonen på Dine sider, eller sende den til oss den per post eller fax.

Eksempel på dokumentasjon

For at vi skal godta eit opptaksbrev må opptaket vere endeleg, det vil seie utan faglege vilkår. Det må også kome tydeleg fram kva du skal betale i skolepengar. Klikk på bilda, og sjå kva du skal sjå etter i dokumentasjonen.

Godkjent og ikkje godkjent dokumentasjon.

Les meir om krav og vilkår for støtte til studium i utlandet her.

Les meir om krav og vilkår for støtte til studium i utlandet her.