No er det årlig kontroll av utenlandsstudentane

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 27.06.2017
Studerer du i utlandet må du kvart år dokumentere din faglege progresjon og kva du har betalt i skolepengar.

Du har no fått melding på Dine sider om at du må dokumenterer fagleg progresjon og skolepengar ved å sende inn eit såkalla C eller N-skjema, avhengig av om du studerer i eller utanfor Norden. Skjemaet ligg vedlagt i postkassen på Dine sider. Vi kan ikkje gi støtte til neste undervisningsår før vi har fått denne dokumentasjonen.

Lærestaden ditt må fylle ut informasjon på skjemaet som viser

  • fagleg progresjon for kalenderåret 2016
  • at du har vore fulltidsstudent kalenderåret 2016
  • kor mykje skolepengar du eventuelt har betalt for undervisningsåret 2016-2017

Slik sender du inn skjemaet

Du sender inn skjemaet på Dine sider. Gå til menyvalet "Send inn dokumentasjon til søknaden". Last opp skjemaet som vedlegg til søknaden din om støtte for undervisningsåret 2016-2017.

Bildet som viser hvor på Dine sider du skal laste opp dokumentasjon.

Du kan også sende skjemaet til Lånekassen, postboks 4551, 8608 Mo i Rana eller per faks til: + 47 22 72 02 64.

Frist for å sende inn skjemaet er 31. mars 2017.

Les meir om årleg kontroll av utanlandsstudentar her.