Tidlegare studielån

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
For å få støtte til ny utdanning, kan ikkje lånet ditt vere oppsagt.

Er lånet ditt oppsagt?

Er lånet ditt oppsagt og overført til Statens innkrevjingssentral (SI), må du rydde opp i dette før du kan få ny støtte.

og overført til Statens innkrevjingssentral (SI), må du rydje opp i dette før du kan få ny støtte.

Rekningar du ikkje treng å betale

Dersom du får ny støtte til fulltidsutdanning, treng du ikkje betale rekningar som har forfall same månad som semesteret ditt begynner.

Eksempel:

Du tok eit halvt års pause i utdanninga di, og skal begynne igjen. Du slutta til jul, og skal begynne på ny utdanning i august. Du søkjer om ny støtte til fulltidsutdanning. Dersom du får ei rekning med forfall 15.09, treng du ikkje betale denne.

Pass på kva månad semesteret ditt startar, spesielt ved studium i utlandet. Begynner for eksempel semesteret ditt i september, må du anten betale eller utsetje rekninga med forfall i august.

Deltidsutdanning

Tek du deltidsutdanning, får du framleis rekningar frå Lånekassen på det gamle lånet ditt, sjølv om du får støtte frå oss. Les meir her.

Tidlegare misleghald

Dersom du tidlegare har misleghalde betalingspliktene dine, eller brote opplysningsplikta di, kan det vere at vi ikkje kan gi deg ny støtte, sjølv om du er i rute med betalingane dine. Du må sende ein søknad for å få svar på om du kan få ny støtte.

Lånekassen ser på betalingsforholdet ditt overfor oss for å vurdere om du kan få støtte. Vi undersøkjer ikkje om du har betalingsmerknader andre stader.