Statsborgarskap

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 31.03.2017
Informasjonen på denne sida gjeld deg som er statsborgar i eit EØS-land, og som ønskjer støtte frå Lånekassen til å studere i eit land utanfor Norden.

Hva skjer hvis familiemedlemmen mistar status som arbeidstakar i Noreg?

Dersom du har fått støtte fordi du er barn eller ektefelle av EØS- eller EFTA-borgar som er i jobb i Noreg, og denne EØS- eller EFTA-borgaren ikkje lenger har status som EØS- eller EFTA-arbeidstakar i Noreg, har du ikkje lenger rett til støtte. Lånekassen sjekkar denne kvar gong du søkjer om støtte

Krav til dokumentasjon

I tabellen under kan du lese om vilkåra for dei ulike gruppene av EØS- eller EFTA-borgarar og familiemedlemmene deira, og kva du må sende inn av dokumentasjon for å få rett til støtte.

Grunnlag for å søkje om støtte frå Lånekassen

Krav til dokumentasjon

Du er EØS-eller EFTA-arbeidstakar, og utdanninga du skal ta har fagleg samanheng med arbeidet du har hatt i Noreg

Du må sende inn

  • kopi av registreringsbevis (gjeld ikkje for nordiske statsborgarar)
  • stadfesting (attest) frå din(e) norske arbeidsgivar(e) som viser perioden(e) du har arbeidd i Noreg, kva arbeidet bestod i, og stillingsprosenten du har hatt. Stadfestinga må vere signert av arbeidsgivar og vere skriven på offisielt brevpapir eller ha stempelet til arbeidsgivaren. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg.

Du er barn av ein EØS- eller EFTA-borgar som har status som arbeidstakar i Noreg.

 

Andre familiemedlemmer kan også ha rett til støtte.

Du må sende inn

  • dokumentasjon som viser at ein av foreldra dine er eller har vore arbeidstakar i Noreg, for eksempel stadfesting frå arbeidsgivar. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Er foreldra dine frå eit land utanfor Norden, må du i tillegg sende inn:

  • kopi av registreringsbevis for ein av foreldra dine.
  • kopi av noverande opphaldsløyve eller registreringsbevis for deg.

Du er gift/sambuar med felles barn/ partner med EØS- eller EFTA-borgar som har status som arbeidstakar i Noreg.

Andre familiemedlemmer kan også ha rett til støtte.

Du må sende inn

  • dokumentasjon som viser at ektefellen/sambuaren din har arbeid i Noreg, for eksempel stadfesting frå arbeidsgivar. Arbeidskontrakt er ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon.

Dersom ektefellen/sambuaren din kjem frå eit land utanfor Norden, må du i tillegg sende inn

  • kopi av registreringsbevis for ektefellen/sambuaren din.

Du har varig opphaldsrett i Noreg

Du må sende inn:

  • Kopi av varig opphaldsbevis eller opphaldskort

Er du nordisk borgar, får du ikkje opphaldsbevis eller opphaldskort. Du må i staden sende inn stadfesting som viser at du har vore busett i Noreg i ein samanhengande periode på minst fem år før den utdanninga du no søkjer om støtte til. Du kan for eksempel sende inn dokumentasjon som viser at du har vore arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, student, eller har budd her med tilstrekkelege midlar. Lånekassen sjekkar opplysningar om registrert butid i folkeregisteret.

For meir informasjon om statsborgarskap og tilknyting til Noreg, sjå kapittel 32 i forskriften om utdanningsstøtte.

Nettstudium i EØS-land

Du kan få lån til skolepengar, men inga anna støtte, til høgare utdanning som er tilrettelagd som nettstudium ved ein lærestad i eit anna EØS-land. For søkjarar til nettstudium etter denne ordninga gjeld andre vilkår for statsborgarskap. Les meir om nettstudium her.

Krav om generell studiekompetanse og tilknytning til Norge.

Hugs at for å ha rett til støtte til utdanning i utlandet, må du også ha oppnådd generell studiekompetanse i Noreg, og du må oppfylle minst eitt av vilkåra om tilknyting til Noreg.