Opptak til fulltidsutdanning ved utdanning i utlandet

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
For å få støtte til utdanning i utlandet må du ha opptak som student til fulltidsutdanning. Det blir ikkje gitt støtte til deltidsutdanning i utlandet.

Dersom du ikkje tek fulltidsutdanning, altså at du tek færre studiepoeng/fag/credits/ECTS enn det som svarer til utdanning på fulltid, får du ikkje støtte frå Lånekassen.

Tek du vidaregåande opplæring i utlandet, må du også ta fulltidsutdanning for å få støtte. Les meir om vidaregåande opplæring i utlandet her.

Fritak frå fag kan få konsekvenser

Dersom du får fritak frå fag, må du anten melde deg opp til andre fag, eller på annan måte sikre deg at du enno tek fulltidsutdanning. Du må melde frå til Lånekassen om endringar i studiebelastninga di og fagsamansetjingadi. Send ein e-post frå Dine sider, eit brev eller ein faks for å melde frå om endringar til oss.