Generell studiekompetanse

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 16.02.2018
Du må ha generell studiekompetanse i Noreg for å få støtte til høgare utdanning i land utanfor Norden.

Når du har generell studiekompetanse tilfredsstiller du opptakskrava til høgare utdanning i Noreg. Fyrste gong du skal søkje om støtte til utdanning i utlandet, må du sjølv sende inn dokumentasjon som viser at du har generell studiekompetanse.

Ulike måtar å oppnå generell studiekompetanse

Fullførd treårig vidaregåande opplæring

Den vanlegaste måten å få generell studiekompetanse på, er å bestå treårig vidaregåande opplæring i Noreg på eit studieførebuande program. Når du har fullført og bestått alle fag og eksamenar får du eit vitnemål der det står at du «har oppnått generell studiekompetanse». 

Yrkesfag med påbygging

Du kan også få generell studiekompetanse dersom du har vitnemål frå yrkesfagleg opplæring, og i tillegg kan dokumentere at du har bestått dei seks studiekompetansefaga:

  • Norsk
  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Historie
  • Matematikk
  • Naturfag

23/5-regelen

Fyller du 23 år same år som du startar på utdanninga og har vore i minst fem års fulltidsarbeid eller utdanning, kan du ha generell studiekompetanse. Du må i tillegg ha bestått dei seks studiekompetansefaga.

Fagskoleutdanning

Du kan oppnå generell studiekompetanse hvis du har bestått ei fagskoleutdanning som fyller følgjande kriterium:

  • Du må ha gått på eit utdanningsprogram som har vart i 2 år på fulltid og gitt 120 fagskulepoeng
  • Fagskoleutdanninga du har må stå på NOKUT si liste over godkjente fagskoletilbod.

IB-utdanning og vidaregåande opplæring i utlandet

Du kan også oppnå generell studiekompetanse gjennom IB-utdanning og vidaregåande opplæring i utlandet.

Fullført IB eller annan vidaregåande opplæring i utlandet og kunnskapar i norsk

For å få generell studiekompetanse i Noreg, må du i utgangspunktet oppfylle fastsette krav til dokumenterte kunnskapar i norsk. For å motta støtte frå Lånekassen til utdanning i utlandet treng du likevel ikkje å oppfylle dette norskkravet, dersom du har fullført IB eller anna vidaregåande opplæring i utlandet. Vêr likevel klar over at du må oppfylle vilkåret om tilknyting til Noreg.

Studere utan studiekompetanse

Dersom du begynner å studere utan å ha generell studiekompetanse, må du dekkje utgiftene sjølv. Oppnår du generell studiekompetanse mens du studerer, kan du søkje om stønad frå og med semesteret etter at du har fått generell studiekompetanse.

Unntak til kravet om generell studiekompetanse

Vi kan gjere unnatak frå kravet om studiekompetanse dersom du har fått studierett av desse årsakene:

  • Du har realkompetanse og er 25 år eller eldre. Dette gjeld ikkje dersom du skal studere medisin, odontologi eller ta veterinærutdanning.
  • Du har ikkje klart enkelte av krava til generell studiekompetanse på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming.
  • Du har fått opptak til utdanning i utøvande eller skapande musikk, ballett, skodespel eller bildande kunst ved ein framståande lærestad. Det er ein føresetnad at lærestaden har strengje opptakskrav.

Usikker på om du har generell studiekompetanse?

 Er du usikker på om du har generell studiekompetanse, har Samordna opptak meir informasjon om dei ulike måtane du kan få generell studiekompetanse på.