Dersom du blir sjuk og ikkje kan møte til undervisninga, kan du få sjukestipend.
Dersom du er sjuk i meir enn to veker, kan du få stipend og lån som du har fått utbetalt i perioden du var sjuk, omgjort til sjukestipend. Du kan maksimalt få sjukestipend i fire månader og 15 dager i løpet av eit undervisningsår.
Kva er sjukestipend?
Når du får sjukestipend, blir støtte du har fått i perioden du var sjuk, gjort om til stipend. Sjukestipend blir gitt på etterskott, det vil seie at du må søkje etter at du er blitt frisk eller etter at undervisningsåret er avslutta.
Kven kan få sjukestipend?
For å få sjukestipend må du ha vore minst 50 prosent studieufør i meir enn to veker. Du får ikkje sjukestipend for dei første to vekene av sjukdomsperioden. Ein lege eller ein annan med sjukemeldingsrett må stadfeste kor mange prosent studieufør du har vore, og i kva periode du har vore sjuk.
Du kan også få sjukestipend dersom du ikkje kan følgje undervisninga på grunn av sjukdom hos barn under 12 år.
Du kan ikkje få sjukestipend dersom du har fått arbeidsavklaringspengar frå Nav i den same perioden du søkjer sjukestipend.
Du får heller ikkje sjukestipend dersom du blei sjuk før du søkte om stipend og lån frå oss. Vi kan gjere unntak frå dette dersom du var i utdanning som gir rett til støtte i semesteret før du blei sjuk.
Eg bestod ikkje eksamen fordi eg var sjuk
Du kan ikkje få sjukestipend dersom du er sjuk somme dagar midt i eksamensperioden, men vi kan sjå bort frå fagleg forseinking dersom du sender oss ein legeattest som viser at du blei forseinka på grunn av sjukdom.
Slik søkjer du om sjukestipend
Du må fylle inn og sende inn «søknad om sjukestipend» (skjema S). På skjemaet skal legen din, eller ein annan med sjukmeldingsrett, stadfeste opplysningane med underskrift og stempel.
I tillegg til utfylt S-skjema må du sende inn dokumentasjon skriven av lærestaden i utlandet som viser:
- Datoen for semesterstart, og datoen du avbraut/tok pause på grunn av sjukdom
- Kor mykje du har betalt i skolepengar for det siste undervisningsåret du mottok støtte. Har du fått skolepengar refundert, må dette komme fram.
- Dine faglege resultat fram til avbrottet (karakterutskrift).
Søknadsfrist
Søknadsskjemaet må ha komme inn til oss seinast seks månader etter at undervisningsåret/kurset er avslutta. Var du for eksempel sjuk i løpet av vårsemesteret 2018, er fristen for å søkje om sjukestipend innan 15. desember 2018. Lånekassen reknar undervisningsåret for å vare frå 16. august til 15. juni.