Forseinka i utdanninga du tek i utlandet

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 14.03.2018
Blir du forseinka i ei fulltidsutdanning, kan vi likevel gi støtte i inntil eitt år utover den fastsette tida (normert tid).

Er du forseinka i utdanninga får du ikkje stipend til skolepengar, men du kan få tilsvarande beløp som lån. Deler av basisstøtta kan berre gjerast om til stipend for den perioden som er normert studietid for utdanninga di.

Gi skriftleg melding om at du er forseinka

Du må sende inn skriftleg dokumentasjon på forseinkingar med ein gong du veit at du er forseinka. Du må sende inn

  • kopi av offisiell karakterutskrift som klart viser tal beståtte credits/studiepoeng/units/ECTS
  • stadfesting frå lærestaden som viser når det er forventa at du blir ferdig med graden
  • stadfesting på kor mykje skolepengar du skal betale for det semesteret eller året du tek opp igjen fag (forseinkingsperioden)

Du kan sende oss dokumentasjon på Dine sider eller per post.

Kva skjer dersom eg blir over eitt år forseinka?

Vi godtek ei fagleg forseinking på inntil eitt år, tilsvarande 60 norske studiepoeng. Dersom du blir forseinka med meir enn dette, vil du ikkje ha rett til stipend eller lån.

Dersom du tek utdanning utan støtte frå Lånekassen, kan du hente inn forseinkinga og dermed få rett til ny støtte. Når forseinkinga er redusert til maksimalt 60 studiepoeng eller tilsvarande, kan du få støtte frå semesteret etter at du har henta inn forseinkinga.

Forseinka av særlege grunnar

Du kan likevel ha rett til støtte dersom du er forseinka på grunn av fødsel, sjukdom eller fordi du har nedsett funksjonsevne og har blitt forseinka fordi undervisningsopplegget ikkje var tilpassa dette. Du må sende inn kopi av dokumentasjon som viser årsaka.