Fødsel medan du er student i utlandet

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 14.03.2018
Reglane for foreldrestipend er akkurat dei same for studentar i utlandet som for studentar i Noreg.

Dokumentasjon frå trygdeetat

Har du ein ektefelle eller sambuar som skal ha permisjon og får støtte frå trygdeordningane i landet der du studerer, må du sende inn dokumentasjon som viser beløpet ho/han får.

Dersom ektefellen/sambuaren skal ha permisjon frå utdanninga, må du sende inn dokumentasjon som viser når ho/han skal ha permisjon.