Avbrott, pause eller andre endringar i utdanninga i utlandet

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Avbryt du eller tek pause frå utdanninga di i utlandet, må du gi melding til oss.

Dersom du avbryt eller tek pause frå utdanninga i utlandet må du huske å gi melding til oss med ein gong. Du må også sende inn ei stadfesting frå lærestaden som viser:

  • Datoen for semesterstart, og datoen du avbrøt/tok pause.
  • Kor mykje du har betalt i skolepengar for det siste undervisningsåret du mottok støtte. Har du fått skolepengar refundert, må dette komme fram.
  • Dine faglege resultat fram til avbrottet (karakterutskrift).

Lånekassen kan krevje tilbake støtte for perioden etter avbrottet, eller for heile semesteret dersom du ikkje har vore i utdanning i det aktuelle semesteret.

Avbrott på grunn av sjukdom

Dersom du måtte avbryte på grunn av sjukdom, kan du har rett til å behalde støtte og få lån gjort om til stipend. I så fall må du i tillegg til dokumentasjonen over sende inn søknad om sjukestipend (pdf). Legen din må fylle ut punkt tre i skjemaet. Du kan lese meir om sjukestipend her.

Avbrott fordi du ventar barn

Dersom du skal ha barn, og ønskjer å søkje om foreldrestipend, er det viktig at du ikkje avbryt utdanninga. For å få foreldrestipend må du vere i utdanning, ha permisjon frå ei utdanning eller ha reservert studieplass. Du får ikkje foreldrestipend dersom du avbryter utdanninga. Du kan lese meir om foreldrestipend her.

Andre endringar

Dersom du ikkje melder frå om endringar, kan du i somme tilfelle gå glipp av pengar. I andre tilfelle vil du få mindre pengar etter ei endring, men det er plikta di å melde frå om endringar likevel.

Du må også melde frå til oss dersom du:

  • Byte lærestad
  • Byte fagretning
  • Gjer endringar i den faglege planen
  • Betaler meir eller mindre i skolepengar
  • Mottek stipend frå andre
  • Flyttar frå eller tilbake til foreldra dine
  • Endrar sivilstand

Du kan enkelt melde frå om endringar inne på Dine sider.

Dersom du ikkje melder frå om endringar, eller gir feil opplysningar, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje pengane tilbake. Vi kan også nekte å gi deg meir utdanningsstøtte. Grove tilfelle kan bli melde til politiet.