Førebels erklæring om rett til støtte

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
I nokre tilfelle treng du ei førebels erklæring om du har rett til støtte frå Lånekassen når du søker høgare utdanning i utlandet. I USA og Canada er det nødvendig å ha ei slik erklæring når du søker visum.

Førebels erklæring om retten til støtte er ei generell berekning av kva du kan få i støtte frå Lånekassen til den planlagde utdanninga, og at du vil få støtte dersom alle andre forhold er i orden. Vilkåret er at  utdanninga er godkjent og at krava som blir stilt for å få støtte til utdanning i utlandet er oppfylt.

Når du søker om opptak til lærestader i andre land enn USA og Canada, er det som regel nok å oppgi at du søker støtte i Lånekassen. Lærestadane vil normalt godta ein økonomisk garanti frå ein bank eller frå foreldra dine.

Førebels erklæring om retten til støtte

Last ned førebels erklæring om retten til støtte her.

Husk at du må sende ein søknad når du har bestemt deg for lærestad, uavhengig om du har sendt inn førebels erklæring om retten til støtte eller ikkje.

Forhold som gjer at du ikkje vil få støtte