Skolepengar - utenfor Norden

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 14.03.2018
Skolepengestøtta kan bestå av tre ulike støtteordningar

Du kan få opp til 304 227 kroner i stipend og lån til dekking av skolepengar for eit heilt undervisningsår. Skolepengestøtta kan bestå av følgjande støttetypar:

Støttetype Beløp
Vanleg skolepengestøtte 131 386 kr Består av både stipend og lån
Tilleggslån til dekking av skolepengar 101 800 kr Reint lån
Tilleggsstipend til dekking av skolepengar ved utvalde lærestader 71 041 kr Stipend
Sum 304 227 kr

Du får berre støtte til skolepengar du faktisk betalar

Kor mykje du får i skolepengestøtte kjem an på kor mykje du skal betale lærestaden din i skolepengar. Støtte til skolepengar skal gå til å dekkje skolepengar og/eller andre obligatoriske avgifter som har samanheng med undervisninga. Andre utgifter, for eksempel til bøker eller opphald, får du ikkje skolepengestøtte til, sjølv om det er obligatorisk at du betaler det direkte til skolen.

Rekkjefølgja vi gir støtte til skolepengar i

  1. Vanleg skolepengestøtte
  2. Tilleggsstipend dersom du har rett til det. Det er berre studentar ved utvalde lærestader av høg kvalitet og som betalar meir i skolepengar enn den vanlege skolepengestøtta som kan få tillegsstipend. Les meir om tilleggsstipendet og kva universitet som er omfatta.
  3. Tilleggslån

Eksempel: Skolepengar på 200 000 kroner, utan tilleggsstipend

  • Vanleg skolepengestøtte: 131 386 kr
  • Tilleggslån: 68 614 kr

Eksempel: Skolepengar på 250 000 kroner, med tilleggsstipend

  • Vanleg skolepengestøtte: 131 386 kr
  • Tilleggsstipend: 71 041 kr
  • Tilleggslån: 47 573 kr

Skolepengestøtta blir valutajustert

Når vi utbetaler skolepengestøtte blir både lån og stipend valutajusterte dersom den norske krona har styrkt eller svekka seg med meir enn ein prosent frå 1. april 2018.

Slik søkjer du om støtte til skolepengar

Det er ikkje ein eigen søknad om støtte til skolepengar, men første gongen du søkjer om stipend og lån til utdanninga i utlandet, må du leggje ved dokumentasjon som viser kor mykje du skal betale. Les meir om dokumentasjonskrava.