Skolepengar - Norden

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 14.03.2018
Innanfor Norden kan du få låne 64 206 kroner per år til å dekkje skolepengar.

Støtte til skolepengar innanfor Norden blir berre gitt som lån. For skoleåret 2018-2019 kan du få låne maksimalt 64 206 kroner til å dekke skolepengar.

Du får berre støtte til skolepenger som du faktisk betalar. Du kan ikkje få lån til skolepengar dersom skolepengar er dekt av andre. Skolepengestøtten blir gitt for den fastsette tida (normert studietid) det er sett for å gjennomføre eit studium.