Reisestøtte

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Reisestøtte er eit tilskot til dekning av utgifter for to tur-retur reiser i året for deg som studerer utanfor Norden. Tilskotet er etter Lånekassens satsar, basert på regionen lærestaden ligg i.

Tilskot til reiser til land utanfor Norden

Region

Stipend (35%)

Lån (65%)

Totalt reisetilskot

Europa

kr 1 725

kr 3 203

kr 4 928

Afrika

kr 7 084

kr 13 156

kr 20 240

Asia

kr 5 918

kr 10 990

kr 16 908

Nord- og Mellom Amerika

kr 6 430

kr 11 942

kr 18 372

Sør-Amerika

kr 8 233

kr 15 291

kr 23 524

Oseania

kr 9 381

kr 17 423

kr 26 804

Beløpa i tabellen gjeld to tur-retur-reiser i året.

Generelt om tilskot til reiser

Tilskott til reiser i Noreg blir gitte deg som er fødde i 1990 eller seinare. Dersom du studerer i utlandet, kan du få reisestipend som tilskott til reisa mellom folkeregistrert adresse i Noreg og Oslo. Vi reknar Oslo lufthamn Gardermoen som grensestasjon. Denne støtta blir gitt som 100 prosent stipend.
Støtte til reise utanfor Norden blir gitt som 70 prosent stipend og 30 prosent lån og har inga aldersgrense. Lånekassen gir støtta etter faste satsar på grunnlag av regionen den utanlandske lærestaden ligg i.
For å ha rett til støtte til reiser utanfor Norden er det eit vilkår at du er student ved ein lærestad utanfor Norden. Dersom du er busett i utlandet og studerer i Noreg, får du ikkje reisestøtte.

Støtte til reiser utanfor Norden blir gitt som 35 prosent stipend og 65 prosent lån. Reisestøtta blir gitt for eit heilt eller halvt undervisningsår, ikkje per månad. Når undervisningsåret er på meir enn seks månader, blir det gitt støtte til to reiser tur-retur. Ved kortare undervisningsår blir det gitt støtte til éin reise tur-retur. Dersom du bur saman med ein eller begge foreldra dine i utlandet får du ikkje tilskot til reiser.

For å ha rett til støtte til reiser utanfor Norden er det eit vilkår at du er student ved ein lærestad utanfor Norden. Dersom du er busett i utlandet og studerer i Noreg, får du ikkje reisestøtte.

Dersom du tek utdanning i utlandet og får reisestøtte frå andre, har du ikkje rett til reisestøtte frå Lånekassen. Stipend frå Erasmus+ blir ikkje rekna som reisestøtte.

Det er ikkje ein eigen søknad om reisestøtte. Vi reknar ut kor mykje reisestøtte du kan få når du sender inn ein søknad om lån og stipend.