Basisstøtte

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du kan få opp til 111 657 kroner i basisstøtte. Basisstøtta er lik for alle som tek høgare utdanning.

Ikon for støttekalkulator Regn ut kor mykje du kan få i stipend og lån

Støttebeløp Kan bli gjort om til stipend
Basisstøtte for eit undervisningsår
(ti månader)
108 999 kroner 44 662 kroner
Basisstøtte for haustsemesteret
(fem månader)
53 170 kroner 21 268 kroner
Basisstøtte for vårsemesteret
(fem månader og to veker)*
58 487 kroner 23 394 kroner

*Opptrapping til 11 månader med studiestøtte

Stortinget har vedteke ein plan for å trappe opp utdanningsstøtta gradvis frå 10 til 11 månader. Det skal skje over fire år, frå 2017 til 2020. For våren 2018 blir støtta trappa opp med 2 veker. Den eine av dei 2 vekene blir gitt under føresetnad av at Stortinget løyver pengar til det i statsbudsjettet for 2018.

Opptrappinga til 11 månader støtte gjeld berre fulltidsstudentar som tek høgare utdanning og fagskole, og som er i utdanning heile vårsemesteret.

Omgjering av lån til stipend

Opptil 40 prosent av basisstøtta kan bli gjort om til stipend. Du må sjølv sende inn vitnemål som viser at du har bestått utdanninga di for at vi skal gjere om ein del av lånet ditt til stipend.

Gå til søknaden

Vilkår for beløpa i tabellen

  • Beløpa gjeld dersom du er student og har fått innvilga støtte til fulltidsutdanning
    (30 studiepoeng per semester).
  • Heile basisstøtta blir utbetalt som lån.
  • Inntil 40 prosent av lånet ditt kan gjerast om til stipend.
  • Dersom søknaden blir behandla seint i semesteret, blir den første utbetalinga større.
  • Beløpa over er maksimal basisstøtte. Får du tildelt lån til skolepengar eller forsørgjarstipend kjem det i tillegg.
  • Har du fått innvilga støtte til skolepengar, vil du få det utbetalt saman med den første utbetalinga kvart semester.
  • Er du gift eller sambuar med felles barn, blir formuen din og formuen til din ektefelle/sambuar lagt saman.