Dokumentasjon til søknaden

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 13.06.2017
Før du søkjer om støtte til delstudiar i utlandet, må studieopphaldet førehandsgodkjennast av det norske lærestaden din.

Vi hentar som regel opplysningar om delstudiet elektronisk når du søkjer om stønad, men i enkelte tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Du må sende inn dokumentasjon dersom

  • lærestaden din ikkje bruker Felles studentsystem (FS), sjå nedanfor
  • du skal betale skolepengar til lærestaden i utlandet
  • du skal på språkkurs

Førehandsgodkjenning av studieopphaldet

For å få støtte til delstudiar i utlandet, må opphaldet vare i minst fire veker, og det må vere godkjent som del av ei høgre utdanning du er i gong med i Noreg eller i utlandet. Lærestaden ditt kan gi deg meir informasjon om korleis du søkjer om førehandsgodkjenning av delstudiar i utlandet.

Dersom lærestaden ditt bruker FS (Felles studentsystem), skal dei registrere informasjon om delstudiet i dette systemet, slik at vi kan innhente opplysningane elektronisk. Dersom lærestaden din ikkje har registrert opplysningar om delstudiet, får vi ikkje behandla søknaden din.

Bruker ikkje lærestaden ditt FS?

BI og Bjørknes er eksempel på lærestader som ikkje bruker FS Finn du ikkje lærestaden din i denne lista, bruker lærestaden ditt ikkje FS Når lærestaden din ikkje bruker FS må du sende inn eit eige skjema for delstudiar (D-skjema) og dokumentasjon etter at du har søkt om lån og stipend. Lærestaden ditt må stemple og godkjenne skjemaet før du sender det til oss.

Skolepengar

Skal du betale skolepengar, må du leggje ved stadfesting (eit offisielt brev) frå lærestaden i utlandet som viser:

  • kor mykje skolepengar du skal betale
  • namnet ditt
  • underskrift frå lærestaden

Det må komme fram av dokumentasjonen kva som er reine skolepengar (tuition fee). Utgifter til for eksempel studentforeiningar, administrasjonsgebyr og bibliotekavgift blir ikkje dekt av Lånekassen.

Vi godtar ikkje Confirmation of Enrolment aleine som dokumentasjon på skolepengar, fordi det ikkje vis eventuelle rabatter norske studentar får.

Får du stipend frå andre som er meint å dekke skolepengar, må du leggje ved stadfesting som viser beløpet.

Etter utlandsopphaldet

Når delstudiet er fullført, er det den norske lærestaden din som skal godkjenne utdanninga og rapportere inn eksamensresultata.

Du må levere originalvitnemålet til den norske lærestaden, slik at det kan overføre resultata til Lånekassen når vitnemålet er godkjent. Du skal derfor ikkje sende eksamensutskrift eller vitnemål direkte til oss.

Språkkurs

Du må leggje ved stadfesting frå språkskolen som viser:

  • kor lenge språkkurset varer (frå- og til-datoar)
  • antall undervisningstimar per uke

Du må leggje ved stadfesting frå lærestaden på kva språk det blir undervist på i hovudutdanninga.

Får du stipend frå andre som er meint å dekkje utgifter til språkkurs, må du leggje ved stadfesting som viser beløpet.

Les meir om språkstipendet her.

Behandlingstid

Alle delstudiesøknader må behandlast av ein saksbehandlar, derfor må du rekne med noko behandlingstid på søknaden din. Du kan sjekke status og behandlingstid på søknaden på Dine sider.

Vêr oppmerksam på følgjande:

Dersom du kryssar av for at du skal ettersende dokumentasjon, vil søknaden din bli sat på vand. Ingen saksbehandlar vil sjå på søknaden før vi mottek dokumentasjon frå deg.
Dersom søknaden din ligg på vand, vil den ikkje gjenåpnes av at lærestaden registrerer informasjon om delstudiar i FS

Dersom lærestaden ditt bruker FS, og du ikkje skal sende inn dokumentasjon: Kryss av for «Jeg har allereie sendt inn dokumentasjonen»

Dersom du skal betale skulepengar, eller ta språkkurs, og du veit at det vil ta tid å få tak i denne dokumentasjonen, kan du også krysse av for at «Jeg har allereie sendt inn dokumentasjonen». Du kan likevel ettersende dokumentasjon seinare, og du slepp at søknaden din blir sat på vand.