Utveksling frå lærestad i Noreg

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Her finn du informasjon om studieopphald i utlandet som del av ei høgare utdanning eller fagskoleutdanning du er i gang med i Noreg (delstudium).

Følgjande krav gjeld for utvekslingsopphald i utlandet:

  • Opphaldet må vere godkjend av den norske lærestaden som ein del av utdanninga du er i gang med i Noreg
  • Opphaldet skal ikkje gjere at du blir forseinka i utdanninga di

Inngår opphaldet i eit fast utvekslingsprogram som gir rett til støtte, treng du ikkje noko særskild godkjenning. Vi kan gi støtte til godkjend praksis i utlandet når praksisopphaldet er ein del av utdanninga i Noreg. Lånekassen gir ikkje støtte til praksisopphald etter avslutta utdanning.

Varigheit

Opphaldet i utlandet må vare i minst fire veker for at Lånekassen skal rekne det som eit delstudium. Det er gjort unntak for kortare kurs ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma. Andre opphald under fire veker blir rekna som studieturar og gir ikkje rett til ekstra støtte. 
 
Du kan få støtte til fleire delstudium i løpet av utdanningsprogrammet, så lenge dette ikkje fører til at du blir forseinka i utdanninga.

Delstudium på deltid

Du kan få støtte til delstudium i utlandet på deltid. Dette gjeld både for deg som har begynt på ei deltids- eller fulltidsutdanning i Noreg. Støtta vil bli gitt etter studiebelastninga du har i delstudiumperioden.

Utanlandsk statsborgar?

Utanlandske statsborgarar kan få støtte til delstudium i utlandet i inntil eitt år, når dei får støtte til utdanning i Noreg.