Utveksling frå lærestad i utlandet

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du som tek ei heil gradsutdanning i utlandet kan òg få støtte til utveksling (delstudium) i eit anna land, som del av utdanninga du er i gang med.

Følgjande krav gjeld til delstudium frå lærestader i utlandet

  • Opphaldet må vere godkjend av lærestaden din som ein del av utdanninga du er i gang med
  • Opphaldet skal ikkje føre til at du blir forseinka i utdanninga di

Lånekassen kan gi støtte til godkjend praksis i eit anna land når praksisopphaldet går inn i utdanninga du er i gang med.

Varigheit

Opphaldet i utlandet må vare i minst fire veker for at Lånekassen skal rekne det som delstudium. Lånekassen gir ikkje støtte til praksisopphald etter avslutta utdanning.

Du kan få støtte til fleire delstudium i løpet av utdanningsprogrammet, så lenge dette ikkje fører til at du blir forseinka i utdanninga.

Slik søkjer du

Når du reiser på utveksling, må du informere oss om det ved å føre det opp i søknaden. Saman med søknaden må du sende inn denne dokumentasjonen frå lærestaden:

  • Ei stadfesting frå hovudlærestaden din
    som viser frå-dato og til-dato for utvekslingsopphaldet, at opphaldet blir godkjent som ein del av den graden du tek, og at du studerer på fulltid.
  • Ei stadfesting som viser kor mykje skolepengar du skal betale, og kva lærestad du skal betale skolepengane til.