Årleg kontroll av høgare utdanning i Norden (N-skjema)

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 27.06.2017
Får du støtte til høgare utdanning i Norden, må du dokumentere faglege progresjon og eventuelle betalte skolepengar etter kvart undervisningsår.

Du dokumenterer dette ved å sende inn eit N-skjema. På engelsk heiter N-skjema "Documentation av academic progress and tuition fees in the Nordic countries".

Last ned N-skjema

Kva må du dokumentere?

Lærestaden ditt må fylle ut informasjon på skjemaet som viser

  • Fagleg progresjon for kalenderåret 2016
  • At du har vore fulltidsstudent kalenderåret 2016
  • Kor mykje skolepengar du eventuelt har betalt for undervisningsåret 2016-2017

Du treng ikkje å vente på resultata dine for våren 2017 før du sender oss skjemaet. Har du betalt skolepengar, må skjemaet vise kor mykje du har betalt for både hausten 2016 og våren 2017. Har du stroke på eksamen, skal lærestaden ditt opplyse om det i skjemaet. Du må fylle ut skjemaet sjølv om du berre har fått støtte i eitt semester.

Slik sender du inn skjemaet

Du sender inn skjemaet på Dine sider. Gå til menyvalet "Send inn dokumentasjon til søknaden". Last opp skjemaet som vedlegg til søknaden din om støtte for undervisningsåret 2016-2017.

Bildet som viser hvor på Dine sider du skal laste opp dokumentasjon.
Bildet viser kvar på Dine sider du skal laste opp dokumentasjon.

Du kan også sende skjemaet til Lånekassen, Postboks 4551, 8608 Mo i Rana, eller per faks til: + 47 22 72 02 64.

Fyller ikkje lærestaden din ut N-skjema?

Dersom lærestaden din ikkje fyller ut N-skjema, må du fylle inn personlege opplysningar og sende det inn saman med ein oppdatert karakter eller eksamensutskrift. Det er viktig å sende både N-skjema og karakter eller eksamensutskrift.

Frist for å sende inn skjemaet

Fristen for å sende inn skjemaet er 1. mai 2017. Får du ikkje sendt det inn før fristen, må du sende det så fort som mogeleg. Vi kan nemleg ikkje behandle ein søknad om støtte for eit nytt undervisningsår før vi har fått skjemaet.

Omgjering av lån til stipend etter enda utdanning

For å få gjort om lån til utdanningsstipend må du sende inn ein kopi av vitnemål eller offisiell karakterutskrift når du er ferdig med utdanninga. Vi kan ikkje gjere om lån til stipend på grunnlag av N-skjemaet aleine.