Årleg kontroll utanfor Norden (C-skjema)

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 27.06.2017
Når du får støtte til utdanning i utlandet, må du dokumentere faglege progresjon og betalte skolepengar etter kvart undervisningsår.

Når du får støtte til utdanning i utlandet, må du sjølv dokumentere faglege resultat og betalte skolepengar etter kvart undervisningsår.

Du dokumenterer dette ved å sende inn eit C-skjema. C-skjemaet heiter «Documentation of academic progress and tuition fees» på engelsk, og det finst også på tysk, fransk, spansk og italiensk.

Kva må du dokumentere?

Lærestaden ditt må fylle ut informasjon på skjemaet som viser 

  • Fagleg progresjon for kalenderåret 2016
  • At du har vore fulltidsstudent kalenderåret 2016
  • Kor mykje skolepengar du eventuelt har betalt for undervisningsåret 2016-2017

Du treng ikkje å vente på resultata dine for våren 2017 før du sender oss skjemaet. Har du betalt skolepengar, må skjemaet vise kor mykje du har betalt for både hausten 2016 og våren 2017. Har du stroke på eksamen, skal lærestaden ditt opplyse om det i skjemaet. Du må fylle ut skjemaet sjølv om du berre har fått støtte i eitt semester.

Slik sender du inn skjemaet

Du sender inn skjemaet på Dine sider. Gå til menyvalet "Send inn dokumentasjon til søknaden". Last opp skjemaet som vedlegg til søknaden din om støtte for undervisningsåret 2016-2017.

Bildet som viser hvor på Dine sider du skal laste opp dokumentasjon.

Her laster du opp C-skjemaet.

Du kan også sende skjemaet til Lånekassen, Postboks 4551, 8608 Mo i Rana eller per faks til: + 47 22 72 02 64.

Frist for å sende inn skjemaet

Frist for å sende inn skjemaet er 31. mars 2017. Får du ikkje sendt det inn før fristen, må du sende det så fort som mogeleg. Vi kan nemleg ikkje behandle ein søknad om støtte for eit nytt undervisningsår før vi har fått skjemaet.

Har du ikkje betalt alle skolepengane enda?

Dersom du ikkje har betalt heile skolepengebeløpet for 2016-2017 enda, må du vente med å sende inn C-skjemaet til det siste avdraget er betalt. Svarfristen gjeld i så fall ikkje for deg.

Vi kan også godta brev frå lærestaden

Gir lærestaden ditt deg eit brev i staden for C-skjemaet, kan vi godta det. Brevet må innehalde dei same opplysningane som skjemaet og vere retta til deg personleg. Det er du som er ansvarleg for å sende inn dokumentasjonen din til oss, uavhengig av om skolen fyller ut skjemaet eller skriv brev.

Omgjering av lån til stipend etter endt utdanning

For å få gjort om lån til utdanningsstipend må du sende inn ein kopi av vitnemål eller offisiell karakterutskrift når du er ferdig med utdanninga. Vi kan ikkje gjere om lån til stipend på grunnlag av C-skjemaet aleine.

Ofte stilte spørsmål om C-skjema

Eg begynte våren 2017. Skal eg også sende inn C-skjema?

Ja. Vi skal vite kor mykje du faktisk betalte i skolepengar for våren 2017, og at du har vore på lærestaden og følgt fulltidsundervisning.

Eg ble ferdig i desember 2016. Må eg sende inn C-skjema?

Ja. Skjemaet skal sendast inn saman med kopi av vitnemål eller karakterutskrift. Du treng ikkje å tenkje på fristen, men heller sende C-skjema og vitnemål samla.

Eg blir ferdig med utdanningen min i juni 2016. Må eg sende inn C-skjema?

Ja, du må framleis sende inn skjemaet sjølv om du avsluttar utdanninga i juni 2016. Hugs at du også må sende inn kopi av vitnemål eller offisiell karakterutskrift når du får dette frå lærestaden.

Er skjemaet tilpassa semestera i Australia, New Zealand og Sør-Afrika?

Ja, C-skjemaet er også tilpassa desse landa. De skal dokumentere fagleg progresjon for både semester 1 og 2 2016 (frå 1. januar 2016 til 31. desember 2016), og betalte skolepengar for semester to 2016 og semester ein 2017 (frå 15. august 2016 til 15. juni 2017).