Slik søker du om stipend

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Du kan søke om stipend når du har fått skoleplass.

Slik søker du

1. Du må få skoleplass før du kan søke
Du må ha søkt og takka ja til skoleplass i VIGO før du kan søke om stipend. Kjem du inn på førstevalet, kan du søke med ein gong. Står du på venteliste, kan du ikkje søke før tidlegast i august.

2. Søk om stipend
Du søker om stipend på lanekassen.no, og bruker ein søknad for alle ordningane våre.

3. Skal du byte skole eller program?
Viss du skal byte skole eller program, må du søke om stipend på nytt når du har fått ny skoleplass.

4. Følg med på Dine sider
Du får svar på søknaden om stipend på Dine sider.

Søk om stipend

Gå til søknaden