Utdanning på deltid

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 19.05.2020
Du får lån og stipend ut frå kor mykje du skal studere eller gå på skole. Hugs å melde frå dersom du endrar talet på fag eller studiepoeng du skal ta.

Frå og med studieåret 2020-2021 er dei viktige endringane i Lånekassens reglar for utdanning på deltid.

No kan du få lån og stipend ut frå nøyaktig kor mange fag/studiepoeng du planlegg å ta. Det vil seie at om du for eksempel skal ta 50 studiepoeng i løpet av eit heilt studieår får du 83,33 prosent av det beløpet ein fulltidsstudent får. Fram til no har det vore sånn at du berre ville fått 75 prosent av det ein fulltidsstudent får.

I tillegg har vi fjerna kravet om at du må ta fag/studiepoeng som utgjer minst 50 prosent av fulltidsutdanning for å få lån og stipend. Det betyr at du kan få lån og stipend uansett kor mange fag/studiepoeng du planlegg å ta.

Dette må du vere klar over dersom du tek deltidsutdanning

Dersom du får fritak frå fag, eller bestemmer deg for å ikkje ta alle faga dine, betyr det vanlegvis at du tek utdanning på deltid. Du har plikt til å melde frå om slike endringar til Lånekassen.

Kva vil det seie å ta utdanning på deltid?

Kor mange fag eller studiepoeng du planlegg å ta avgjer kor mykje lån og stipend du kan få. Lånekassen måler studiebelastning i studiepoeng (høgare utdanning) eller årstimar (vidaregåande fag). I nokre tilfelle måler vi det i talet på fag

Kor mykje kan eg få?

Når du tek utdanning på deltid, reduserer vi alle beløpa du kan få, både stipend og lån, i samsvar med deltidsprosenten din. Dette gjeld også for ordningar som for eksempel forsørgjarstipend og lån til skolepengar.

Antall studiepoeng

Basislån per semester (5 månader)

7,5

12 633 kroner

15

28 073 kroner

22,5

42 109 kroner

30

56 145 kroner

Beløpa er runda av til næraste heile krone.

Endringar som skjer i løpet av undervisningsåret

Dersom du skal ta fleire eller færre fag enn du opplyste i søknaden din, må du melde frå til Lånekassen. Du kan lese meir om korleis du melder frå her.