Straumstøtte

Regjeringen sitt forslag om straumlån

Siste nytt om straumlånet er at regjeringa la fram eit forslag for Stortinget 14. januar 2022. Vi oppdaterer informasjonen når Stortinget har behandla forslaget.

Regjeringa vil gi straumlån til studentane

14. januar la regjeringa fram eit forslag om straumstøtte til studentar. Forslaget er at studentar kan søke om 3000 kroner ekstra i lån grunna høge straumutgifter. Stortinget skal behandle forslaget.

Regjeringa foreslår at 1200 kroner av straumlånet kan bli gjorde om til stipend. Straumlånet skal dekke straumutgifter for studentar på universitet, høgskolar, fagskolar og vaksne elevar i vidaregåande opplæring. 

Dei som kan søke får ein e-post når søknaden er klar

Det er ikkje mogleg å søke om lånet før Stortinget har fatta vedtak og løyvd pengar til lånet. Vi sender e-post til alle som kan søke når søknaden er klar. 

Vi oppdaterer lanekassen.no. kontinuerleg

Lanekassen.no. blir oppdatert når Stortinget har behandla forslaget. Kundesenteret vårt har ikkje meir informasjon om dette tilleggslånet.

Når straumlånet er vedtatt så kjem det også informasjon til dei som eventuelt ønskjer å berre behalde den delen av lånet som kan gjerast om til stipend.

Les meir om forslaget i pressemelding frå Kunnskapsdepartementet og i forslaget til Stortinget på side 23-24