Vidaregåande opplæring

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 05.07.2018
Når du har fått skoleplass og takka ja til den i Vigo, kan du søkje om stipend.

Søknaden for undervisningsåret 2018–2019 har opna. Etter du har søkt, kan du følgje søknaden på Dine sider. Du må vente med å søkje om stipend til du har fått skoleplass og takka ja til den. På vilbli.no kan du sjå når fylket ditt har opptak.

Under 18 år?

Be foreldra dine opprette ein digital postkasse på Noreg.no før du søkjer om støtte. Då kan dei signere for stipendet ditt elektronisk.

Gå til søknaden

Har du ikkje ungdomsrett? Da skal du bruke denne søknaden.

Søknad for 2017–2018

Søknaden for undervisningsåret 2017–2018 gjekk ut 15. mars, men du kan stadig søkje om stipend dersom du begynte på eit opplegg som starta 1. mars 2018 eller seinare. Bruk denne søknaden.

Når kan du søkje?

Datoen for inntaket til vidaregåande skole varierer frå fylke til fylke.

Datoene i lista nedanfor kan endre seg, så følg med på vilbli.no for å vere sikker på når du får skoleplass i ditt fylke.

Fylke 1. inntak 2. inntak
Akershus 10. juli 25. juli
Aust-Agder 10. juli 5. aug.
Buskerud veke 27 veke 32
Finnmark veke 27 veke 29
Hedmark ca. 10. juli ca. 8. aug.
Hordaland 6. juli 30. juli
Møre og Romsdal ca. 6. juli ca. 3. aug.
Nordland 6. juli 27. juli
Oppland 7. juli 10. aug.
Oslo 10. juli 13. aug.
Rogaland ca. 5. juli ca. 26. juli
Sogn og Fjordane 4. juli 27. juli
Telemark

Prøveinntak: 31. mai

Hovudinntak: 6. juli

ca. 1. aug.
Troms 6. juli 27. juli
Trøndelag 10. juli ca. 9. aug.
Vest-Agder ca. 10. juli ca. 5. aug.
Vestfold 6. juli 3. aug.
Østfold 17. juli 10. aug.

Har du søkt privat vidaregåande skole?

Dersom du har fått skoleplass på ein privat vidaregåande skole, og samtidig har takka ja til å stå på venteliste i Vigo, må du vente med å søkje om stipend til 1. august.

Har du berre søkt privat vidaregåande skole, og har fått skoleplass der, kan du søkje om stipend no.