Søknad om stipend og lån til vidaregåande opplæring med ungdomsrett

Dette søker du om

I søknaden søker du om utstyrsstipend. Dette stipendet får alle som tar vidaregåande skole. Du søker også om bortebuarstipend og reisestipend dersom du bur borte, og barnestipend dersom du har barn.

Du kan også velje å søke om inntektsavhengig stipend. Du får spørsmål om du vil søke om det i søknaden.

Dersom du skal søke om skolepengelån eller lån når du er over 18 år, brukar du og denne søknaden.

Samtykke

I søknaden blir du spurd om å samtykke til at vi hentar informasjon frå Vigo. Dersom du samtykker, hentar vi informasjon om kva skole og utdanningsprogram du skal ta. Dersom du ikkje samtykker, må du velje utdanningsprogram og skole frå ei liste.

Dokumentasjon

I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende inn dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Har du ikkje dokumentasjonen klar når du søker, kan du ettersende den.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Gå til søknaden