Søknad for flyktningar med ungdomsrett

Du bruker den vanlege søknaden

Sjølv om du skal søke om flyktningstipend, bruker du den same søknaden som alle andre som skal ta vanleg vidaregåande skole.

Samtykke

I søknaden blir du spurd om å samtykke til at vi hentar informasjon frå Vigo. Dersom du samtykker, hentar vi informasjon om kva skole og utdanningsprogram du skal ta. Dersom du ikkje samtykker, må du velje utdanningsprogram og skole frå ei liste.

Dokumentasjon dersom du er flyktning

Får du introduksjonsstønad i perioden du søker om støtte for?

Då må du sende inn kopi av vedtaket frå kommunen eller Nav som viser perioden du får introduksjonsstønad

Har du avslutta introduksjonsprogrammet?

Då må du sende inn stadfesting frå kommunen eller Nav som viser kva for dato du fullførte introduksjonsprogrammet.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Årets søknad
2020-2021

Nå kan du søke om stipend og eventuelt lån for studieåret 2020-2021.

Søknadsfristen 15.mars 2021.